Som tilsette i skulen i Stranda har vi nyleg blitt orienterte om eit budsjettframlegg som inneber ei betydeleg nedbemanning i skulesektoren. Dette skal til avrøysting i kommunestyremøte 20.12. Vi reagerer med uro på framlegget, som viser til meirforbruk i skulesektoren, jf. samanliknbare kommunar. I kvardagen opplever vi allereie mangel på mannskap for å få gjort ein tilfredsstillande jobb.

Stranda har ei særskild samansetjing av elevgruppa, som gir andre typar utfordringar enn det andre kommunar møter. Minst 25% av elevane har ikkje norskspråkleg bakgrunn. Talet er venta å auke. Vi opplever at stadig fleire elevar, med både norsk og utanlandsk bakgrunn, manglar grunnleggande språkkunnskapar, som trengs for å meistre skulekvardagen. Desse elevane er ofte heilt avhengige av tettare oppfølging av lærar enn det vi pr. i dag kan tilby. I tillegg møter vi stadig fleire elevar med utfordringar som gjer at dei heilt avhengige av ein spesialtilpassa kvardag.

For å møte slike utfordringar må det vere mannskap til stades. Vi ber politikarar i Stranda gjere sitt for å unngå kutt som kan gjere uboteleg framtidig skade i ein allereie sårbar sektor. Konsekvensar av store kutt kan m.a. vere:

– Fleire elevar fell gjennom fagleg

– Minkande trivsel (Ungdomsskulen kan vise til hyggelege tal frå Elevundersøkinga og Ungdata når det gjeld mobbing og trivsel)

– Lågare fullføringsgrad i vidaregåande skule, og tap av framtidig kompetanse

– Auka belastning og sjukefråver blant tilsette, med potensielt fråfall av kvalifisert personale

Vi fryktar ei sparing som kan gjere stor skade, på kort og lang sikt. Vi vil difor minne om kva nokre av dei politiske partia nyleg gjekk til val på:

Høgre vil arbeide for “Ein skule som møter behova til kvar einskild elev. Skulen skal formidle kunnskap, utvikle dugleik og skape gode haldningar i eit trygt og triveleg ute- og innemiljø (...) ynskjer å satse på tidleg innsats, investering i eigne tilsette, og utvikling av det faglege tilbodet i skulen. Det er viktig at vi har ein skule som møter behova til kvar einskild elev. Språkopplæring for barn med utanlandske foreldre må prioriterast.”

SP har programfesta å: Organisere tenestene slik at ein i større grad kan sjå enkeltindividet, og hindre utanforskap gjennom tidleg og målretta innsats.

På nyss.no 5/12 les vi at “Frp vil at kommunestyret skal be (...) om snarleg å setje i gong ein prosess for å kunne styrke, og optimalisere skulane i Stranda kommune. Dette er ifølge Frp einingar som alt har gjennomført for store kutt, som truleg rammar tenestetilbodet til elevane på ein uønskt negativ måte”.

Med tanke på konsekvensar ei nedbemanning i skulesektoren vil kunne få for einskildeleven, ungdomsmiljøet i bygda, for bulyst og rekruttering til kommunen, vil vi be politikarane i Stranda om å legge eigne program og uttalar på minne, og at alle involverte vil tenke seg svært nøye om i forkant av, og under møtet 20/12.