Brudd på habilitetsregelverket som rådmannen sjølv dokumenterer har skjedd, men rådmannen meiner dette er greit så lenge fleirtalet bestemmer og sikrar fleirtal.

Eg trudde faktisk ikkje det eg las når eg såg kva rådmannen i Stranda har fått seg til å skrive i sak ang lovlegheitskontroll av eit kommunestyrevedtak. Her skriver ein rett ut, at brudd på kommunelova, forvaltningslova og kommunens eige reglement ang behandling av habilitetsregelverket er heilt ok, så lenge fleirtalet sikkert hadde stemt slik eller slik. Rådmannen opptrer som ein stemmeforklarar for ei sak som kommunestyret verken behandla eller stemte over.

Er det verkeleg mulig?

Er det slik i Stranda kommunestyre, at lover og regler ikkje finnast, og om ein bryt dette så har den ingen konsekvens? I kommunestyremøtet den 23/11 vart det reist spørsmål om ordføraren sin eigenhabilitet i saka ang salg av e-verket. Her var ordførar saksansvarleg, saksbehandlar og saksinnstillar og skulle behandle si eiga sak, ei sak som samrøystes vart vedteke få veker før. Regelverket ikring behandling av eit habilitetsspørsmål er klokkeklar, men rådmannen meiner det er heilt legalt å bryte dette så lenge fleirtalet sikkert hadde styrt dette gjennom dersom lovleg behandling hadde blitt gjennomført.

Kvifor skal opposisjonen møte i kommunestyret då fram til neste valg?

Dersom fleirtalet bestemmer uansett om dei gjer vedtak eller ei, uansett om regelverk og lovverk vert fulgt? Eg er både skuffa men mest rysta, rysta over at dei demokratiske prosessane er totalt vekk i kommunestyret i Stranda, og at eg tok så skammeleg feil ang det eg trudde positivt om konstituert rådmann. Eg får berre møte opp til neste møte, møter eg ikkje bryt eg kommunelova og det skal ivertfall ikkje eg gjere. Men, med Tryggestad og konstituert rådmann i «tospann» er det ivertfall berre å konstatere at demokratiet er tatt pause til neste kommunevalg.