Petter Hjørungdal har på nytt fremja krav om at norskopplæringa for vaksne i regi av Stranda kommune skal vere på nynorsk (Nyss 29.11). Hjørungdal har tatt opp denne saka tidlegare i kommunestyret. Likevel ser det ut til at lite har skjedd. Det er kritikkverdig.

Stranda mållag har også ved fleire høve kritisert at norskopplæringa for vaksne er på bokmål, ikkje på nynorsk. Dett er ein underleg praksis, for ei elles solid nynorskkommune. Dei fleste andre kommunane på Sunnmøre nyttar nynorsk i vaksenopplæringa.

Det fremjar verken god integrering eller god læring at barn av innvandrarar lærer nynorsk i skulen, medan vaksne får opplæring i bokmål.

Mangel på læremiddel på nynorsk har vore brukt som grunngjeving for å bruke bokmål. Tilgangen på læremiddel på nynorsk er no klart betre enn tidlegare. Dette er difor ikkje eit haldbart argument for å velje vekk nynorsk.

Det er på høg tid at Stranda kommune følgjer eigen språkpolitikk og tar i bruk nynorsk i norskopplæringa for vaksne. Det vil gagne både integreringa og læringa.