Det er førespegla kutt på kvar enkelt eining i oppvekstsektoren i Stranda kommune. Ringstad skule er pålagt å spare 2.8 mill. I tillegg er det foreslått kutt på 3.7 millionar generelt på oppvekstsektoren.

Dette er store summar på ei eining som allereie er pressa. Her blir det snakk om færre tilsette, noko som vil gå direkte utover elevane våre.

Vi på Ringstad skule har eit aukande tal på elevar med særskilde behov på alle trinn. Her er mange elevar med diagnosar, og elevar som slit med andre store utfordringar. Ein del elevar krev ein til ein støtte. Vi har også elevar frå Ukraina med manglande undervisning der dei kjem i frå. Rundt 25% av elevane våre snakkar ikkje norsk heime. Dette krev ekstra ressursar i alle fag. Tidleg innsats er også viktig å kunne prioritere for å sikre den faglege og sosiale utviklinga til elevane. Det krev sjølvsagt også ressursar. Nedprioritering av dette i dag, vil truleg gje større vanskar på sikt. Med mindre lærarkrefter og knappheit på ressursar blir det mindre tid til å ivareta elevane våre både i klasserommet og ute i friminutta.  Alle elevar har krav på å bli sett og få ei undervisning som er tilpassa, og kunne føle seg trygge i skulekvardagen.

Det er foreslått å slå saman elevgrupper. På Ringstad skule er dette ikkje så enkelt i praksis. Vi har på alle måtar eit utdatert og nedslite bygg med både små klasserom og spesialrom, og små og dårleg utstyrte grupperom.

Her er allereie eit høgt sjukefråvær, og vi er redde for at denne prosenten aukar med eit endå større arbeidspress i kvardagen.

Dersom kutta blir som førespegla, vil tenestenivået dessverre bli betydeleg redusert og det vil slik vi ser det, bli ei utfordring å utføre dei lovpålagde oppgåvene våre på ein tilfredsstillande måte.