Mange minnest Frank Sve – konsentrert med mikrofonen på plass i høgre handa – som stod for den offisielle opninga av kunstgrasdekket på Stranda stadion i 2006. På den strålande sommardagen vart ballen sett i spel frå midtstreken. Avsparket vart applaudert av eit forventningsfullt publikum. Truleg tenkte dei mest på all glede det grøne dekket ville tilføre, enn å bli imponert over den ballsikre ordføraren og det blenkande kjedet hans.

«Stranda kan presentere det komplette kunstgrasanlegg på Sunnmøre!» Meinte Fotballkretsen.

Dagen var naturleg nok full av begeistring.

Bekymringsmelding

Strekker vi oss 19 år fram i tid, har Stranda stadion igjen stått i fokus for kommentarar frå talsmenn for fotballen. Denne gongen frå Fotballforbundet og Idrettsforbundet. Meldinga dei kom med var mindre oppmuntrande enn orda vi innleia med.

Synfaringa enda med ei bekymringsmelding, der konklusjonen var at banedekket må skiftast ut. Kvaliteten er ikkje akseptabel for trening og kamp. Inspektørane mangla mynde til å stenge banen. Dei kom i staden med ei sterk oppmoding til eigarane. Med andre ord til Stranda kommune.

Fotballgruppa har fylgt opp: «Vi har nok den mest slitte og kritiske banen på Sunnmøre!»

Kunstgrasbanen har i 19 år vore til stor glede for mange, men no er tida komen for utskifting av det grøne dekket. Foto: Privat

På dagsorden

Politikarane og administrasjonen kjenner signala: Dei siste par åra har Stranda Idrottslag ved fotballgruppa fortalt om den urovekkande tilstanden.

Med debatten i kommunestyret – rett nok det gamle – i friskt minne, tyder det på at noko kan bli gjort. Venteleg snart. Dei nye 25 folkevalde blir neppe varme i sessen før spørsmålet om nytt kunstgrasdekke igjen kjem på dagsorden. Den nye kommunedirektøren (rådmannen) skal sanke inn ei økonomisk løysing i dialog med leiinga i fotballgruppa, før så å legge resultatet fram for ei endeleg politisk avklaring.

Kultur - Trivsel

Stadion representerer det største og beste kulturtilbodet i Stranda kommune. Her kan store og små entusiastar boltre seg med ball; 350 personar i snitt dagleg. I tillegg til idrettslagets eigne medlemmer er det her snakk også om elevar i vidaregåande skulen. Dette er i tråd med idrettslagets visjon, – idrett for alle. Ei holdning laget har fått synleg honnør for.

Fotball skaper trivsel. Også for industribedriftene i Stranda representerer dette eit viktig begrep, og ikkje mindre med tanke på dei mange arbeidsplassane som skal fyllast i åra som kjem.

Det er heva over tvil at idrett framleis vil ha ein sentral plass som kulturtilbod, også for dei som kan tenke seg å skape ei framtid i lokalmiljøet.