Over 100.000 personar i Noreg har ein demenssjukdom, og truleg vil talet doble seg dei neste tjue åra. Mange trur demens berre rammer eldre, men også yngre personar kan få demens.

Demens er ei fellesnemning for fleire kroniske sjukdommar som rammer hjernen. Sjukdommane utviklar seg over tid og fører til endringar på område som hukommelse, språk og veremåte. Demens påverkar evna til å fungere i dagleglivet. Det viktigaste kognitive symptomet er redusert hukommelse. Demens skuldast progredierande sjukdommar som påverkar hele livssituasjonen både for dei som er sjuke, og deira pårørande. Dei som blir ramma, vil gradvis fungere dårlegare og til slutt bli heilt avhengig av hjelp. Demens kan også medføre språksvikt, rom- og retningsproblem samt svekka tanke-, kommunikasjons- og orienteringsevne. Personar som blir ramma av demens, får vanskar med å anvende innlærte ferdigheiter eller å meistre dagleglivets funksjonar. Ein del viser manglande innsikt, motorisk uro eller aggressivitet. Andre symptom kan vere angst, depresjon, hallusinasjonar og apati. Mange vil i startfasen kunne vere deprimerte, engstelege og trekke seg tilbake. Seinare i utviklinga vil det kunne vere større endringar i personlegdom og veremåte.

Sykkylven Høgre ønsker ei god og verdig eldreomsorg med bl.a. differensierte tilbod til personar med demenssjukdom, og deira pårørande. Vi ønsker også at kommunen utarbeidar ein Pårørandeplan. I åra som kjem vil stadig fleire personar få ein demenssjukdom, og det er behov for å skape eit meir demensvenleg samfunn.

I Møre og Romsdal var det i følgje «Aldring og helse» 5801 personar med ei demensdiagnose i 2020. I Sykkylven var talet 166 personar, noko som er 2,18 % av innbyggarane. Dette er høgare enn gjennomsnittet i Norge. Befolkninga i Sykkylven er eldre enn gjennomsnittet i Norge, og har derfor også eit høgare tal på personar med demens. I Stranda kommune er det til samanlikning 3,01 % av innbyggarane som har demens. Ser ein på framskrivingar for 2025 og 2030, så aukar tala.

Det er i aldersgruppa 80-89 år at det er flest personar med demenssjukdom, men det er også registrert personar som er både eldre og yngre enn dette med sjukdommen.

Det blir i dag gitt eit godt tilbod i Sykkylven til personar med demens, men det er behov for eit endå meir differensiert tilbod. Høgre ønsker at dei som jobbar med demens, skal ha god kompetanse og ha moglegheit for vidareutdanning. Nokon tilbod vi tenker er viktige (i tillegg til sjukeheimsplass) er:

  • Tilbod til yngre personar med demens

  • Aktivitetstilbod tilpassa ulike behov og som er opent kvar dag ev. kveld.

  • Ulike tilbod innan trening og fysisk aktivitet, som t.d. turgrupper

  • Samtalegrupper for pårørande som ønsker å møte andre i liknande situasjon.

  • Pårørandesamtalar og Pårørandeskule.

  • Avlastning i sjukeheim der lengde er tilpassa behov og med forutsigbarhet for pasient/pårørande

  • Avlastning i egen heim (f.eks. på timebasis).