Eg ser og registrerer skrytelista til Høgre i fredagsavisa til Nyss. Og så tenkte eg at eg måtte lese programmet til Høge framføre valet no i haust. Der står ikkje eit einaste ord om Landbruk, matproduksjon, sjølvberging, beitenæring, energi produksjon, tiltak ute i grendene i bygda.

Er Høgre eit landbruksfiendtleg parti Jarle Strømmegjerde? Eg ser dokke skryter av sentrumsnære tomter som dokke har skaffa, og Høgre vil bygge enda fleire sentrumsnære omsorgsbustader. Kvar skal desse sentrumsnære bygningane stå Jarle? Er det dei finaste flataste dyrkamarkene dokke har tenkt å bygge ned?

For nokre år sidan stod dokke avbilda at her kjem nye bustader, på den beste sydvendte grønaste dyrka marka i Ullavika. Sentrums skulen reiste med veldig mange dekar god landbruksjord og førte til at ein av dei driftigaste bøndene la ned heile drifta. Rett og slett rana for gard og grunn. Kvifor har ikkje Sykkylven Høgre ein landbruksplan i det heile tatt?

Korleis kan dokke beslaglegge god landbruksjord no når vi ser korleis matproduksjonen i verda er i dag og ikkje minst korleis det blir i framtida? Klimaendringane føre til svært lite matproduksjon i beltet rundt equator. Det blir for varmt, tørt og ikkje mogleg for matproduksjon i store delar av Italia. Spania, Frankrike og Hellas. Så vil Høgre også inn i EU, eller? Det kan eg berre sei med ein gang at blir Norge med i EU så forsvinn matproduksjonen i Norge. Da er det fritt fram for Polen og Danmark og andre lav kost land å sende sine varer tollfritt inn på den norske marknaden.

Eg skal avgrense meg, der er mykje meir eg meiner Høgre må ta tak i, men eg må spørje. Kva planar har Sykkylven Høgre for bygda? Skal vi styre i eige hus? Eller som dokke påstod for nokre år sidan, Sykkylven klarer seg ikkje åleine, vi må slå oss saman med Ålesund, Dette stod Sykkylven Høgre og meinte i Sykkylvsbladet for nokre få år tilbake. Kva er haldninga i dag? Skal Sykkylven vere ein eigen kommune eller skal Høgre slå oss saman med Ålesund eller Stranda. Når valet er pest eller kolera, så er valet enkelt, ingen av delane. Vi må vere dei rette til å drive eigen politikk i eigen kommune.