Siste åra har oss i Sykkylven Senterparti vore heldige og kunne vore med å styre Sykkylven saman med H. KrF og V. Det har gjort at vi har fått gjennomført mykje av våre prioriteringar innafor eit område som er svært viktig for kommunen vår.

Kommunen får i år ein heilt ny idrettshall knytt til den nye Aure barneskule, og den vil vere eit godt tilskott til alle aktivitetar som bruker hall. SP har lenge sett at det er behov for denne kapasiteten. Og har vore veldig opptatt av at vi ikkje bygde berre ein gymsal, men ein hall til skulen. Nye Aure barneskule vil og innehalde ein ny musikk og kulturskule, noko som vi håper vil gjere at enda fleire vil nytte seg av dette tilbodet i kulturkommunen Sykkylven.

SP har i sitt program for 2023–2027, at ein og vil greie ut ei utbygging av dagens Storhall, for å kunne ha plass til 2 handballbaner.

Sykkylven Kommune treng ein ny symjehall og SP har dette programfesta for kommande periode. Det er no viktig vi får fram ulike alternativ og kostnader på dette prosjektet.

Det har siste åra vore gjort fleire viktige investeringar på Sykkylven kulturhus. Alt frå nytt lydanlegg, kino og scene som fungerer veldig godt til ulike arrangement. No har vi sett som målsetting å få eit nytt amfi, som vil kunne gi plass til om lag 400 personar. Dette vil gjere at vi får eit kulturhus, som er på høgde med mange kommunar rundt oss og vel så det. Og ein kan gi eit enda betre tilbod til innbyggarane.

I inneverande periode har kommunen brukt over 3 million på nytt dekke på den Kommunale kunstgrasbana, for at den skal kunne gi alle brukarane ei best mogeleg oppleving ved bruk av anlegget. Vi har og støtta opp om etablering av Høbben og vil framover prioritere ei fast årleg løyving.

Folk frå heile kommunen er med å bruke desse anlegga, men det er likevel også viktig å støtte opp om anlegga rundt om i kommunen. Derfor har oss siste periode for eksempel brukt midlar til oppgraderingar ved symjehallen i Velledalen. Vi gir faste løyvingar til grendehusa både i Velledalen og Hundeidvik. Siste åra har og Vårvon i Straumgjerde fått midlar.

Skiløypene på Fjellsætra er eit svært viktig folkehelse tiltak. Derfor har Sykkylven kommune støtta opp om dette tiltaket med ei årleg løyving på kr 250000,- i året. Midlane er løyvd frå konsesjonsavgiftsmidlane frå Nysætervatnet og vert på denne måten ført tilbake til området.

Eg kunne nemnd ein god del andre ting vi har gjort eller jobba med, men dette viser at vi i Sykkylven Senterparti ikkje berre lover ting i valprogram, men også gjennomfører dette i praksis slik våre innbyggarar får glede av det som blir gjort.

Ei stemme til Sykkylven Senterparti er ei stemme på fortsatt framgang innafor område som svært mange av innbyggarane er opptatt av.