Stranda FrP vil takke innbyggjarar frå Barlia for at dei tok kontakt med Antonina Kolodziejczyk og bad om hjelp til å skifte vegskilt.

Innbyggjarane i Barlia har slitt i lang tid med problemet med et vegskilt som var i svært dårlig forfatning. 30-sone skiltet hadde blitt så dårleg at nye bilar ikkje oppfatta det skikkeleg og registrerte det som 50-sone.

Innbyggjarane der var svært bekymra for den raske køyringa i bustadområde der det bur både eldre og barnefamiliar.

9.april vart Antonina kontakta og fekk førespurnad med bilder av situasjonen. Folk skreiv: «Er det nokon som kan hjelpe til å få fortgang i ny og betre skilting i Barlia? Vi har skrive brev til kommunen og bedt dei bytte ut skiltet, men fikk ikkje svar». Vi reagerte umiddelbart.

FrP Stranda er opptatt av tryggleiken for innbyggjarane på Stranda. Difor vart ordføraren oppmoda om å ta tak i bytting av skilt i Barlia. Dette tok han tak i og no, kort tid etter, er eit nytt lesbart skilt på plass og alle er forhåpentligvis nøgde. Det er viktig med låge fartsgrenser i byggefelta våre og tryggleik for folk flest!