I eit innlegg i Nyss stiller Ståle Eikrem (Ap) spørsmål om korleis eg og Frp vil finansiere milliontapet det vil påføre kommunen om eigedomsskatten vert fjerna. Sykkylven kommune har eit budsjett på om lag 600 millionar kroner. Eigedomsskatten er budsjettert med knappe 17 millionar kroner inneverande år som utgjer om lag 2,8 prosent av det samla budsjettet. Har ein ambisjonar om å vere med i politikken i Sykkylven, så er avvikling av eigedomsskatten ei viktig prinsipiell sak.

Det skal ikkje vere slik at når krybba er tom så er det berre å auke ein eller annan skatt. Det er ikkje rett måte å drifte ein kommuneøkonomi på. Også Sykkylven kommune må vere med på å justere og kutte driftsnivået for å skape ein meir effektiv kommune.

Folk betalar nok avgifter. Med auka matvareprisar, drivstoffprisar og renteauke, så er det mange som slit for å få endane til å møtast. Då treng vi ikkje ein ekstraskatt som eigedomsskatten, som både er urettferdig og usosial. Hus og heim skal vere familien sin trygge base, og ikkje eit skatteobjekt.

Eg trudde at det å redusere og til slutt avvikle eigedomsskatten var ei gladsak, også for Ståle Eikrem!