Onsdag 24. januar står Lene Fohlin fram i Nyss og etterlyser framdrift i arbeidet med namna minnelund i Sykkylven.

Ho, og mange med ho, er frustrerte over framdrifta i prosjektet. Vi i Sykkylven SV deler denne frustrasjonen. Det er nær ei skandale at minnelunden enno ikkje er på plass.

I november 2019 vart det, etter ein interpelasjon frå Sykkylven SV, sett ned ei nemnd, samansett av representantar for ulike livssyn, det kyrkjelege fellesrådet og kommuneadministrasjonen. Nemnda fekk i oppgåve å vurdere aktuelle alternativ når det gjeld etablering og drift av ein minnelund i Sykkylven. Gruppa gjorde eit fortenestefullt arbeid, og hausten 2020 fekk kommunestyret presentert ein fyldig rapport med gjennomgang av ulike løysingar, og forslag til vidare arbeid med saka.

Det har teke både vinter og vår, og kampar kvart år for få ein liten sum inn på budsjettet for å halde arbeidet med minnelunden i gong. Det gjekk så treigt, at SV i oktober 2022 fremja ein ny interpelasjon for å få fortgang i arbeidet, og for å få på plass vedtekter.

Vi nådde ikkje fram i kommunestyret, mellom anna fordi det vart hevda at det var Kyrkjeleg fellesråd som har ansvar for gravplassen. Usemja mellom kommuneleiinga og Kyrkejeleg fellesråd har vore det viktigaste hinderet for å få framgang i arbeidet. Denne striden blussa opp i Levekårsutvalet der kommuneleiinga fekk kritikk for å ha blanda seg inn på Kyrkjeleg fellesråd sitt ansvarsområde.

For det første, så kan kommunestyret i Sykkylven gjere sine vedtak utan innblanding frå Fellesrådet. Kommunestyret burde gjennom vedtak ha instruert fellesrådet til å følgje opp gravferdslova frå 2013, og få minnelunden på plass. Det hadde kommunestyret ikkje mot til.

For det andre, det er 500 meter mellom Rådhuset og kontoret til Kyrkjeleg fellesråd. Ein spasertur for å bli samde om ansvarsfordeling burde vere mogleg å gjennomføre.

For budsjettet 2024 vart det løyvd vel 200 000 kroner til minnelund. Det skulle berre mangle, det var pengar som stod ubrukte i 2023-budsjettet.

SV foreslo, saman med dei andre opposisjonspartia, å løyve 1 milllion kroner over investeringsbudsjettet i 2024 til namna minnelund. Dette var nedstemt med 15 stemmer. Det var stemmene frå Høgre og Frp.

Vi får leve i håpet! Sykkylven SV har ikkje gitt opp kampen!