Valkampen er godt i gang, partia sine program og vallister er kome i hus. Politiske program er i hovudsak blåkopi, men ulikt syn på prioriteringar. Derimot er listene unisont frå venstre- til høgresida sett opp ved kumulering, det vil seie å gi kandidatar på stemmeseddelen meir enn ei stemme. Samtlege parti meinar dei har gode kandidatar på listene som er interessert i politikk og har som mål å få velgjarane sin tillit som kan gi dei plass til å være med på politisk styre og stell i kommunen.

Det er rett og slett eit paradoks og dobbelmoral når politikarane gjev stemmetillegg til seg sjølve for langt på veg å sikre seg plass i ny valperiode og dermed stenger døra for nye unge kandidatar som ivrar etter å bli vald inn i politisk arbeide i Sykkylven kommune. Eit tankekors er det når 67 år gamle partileiaren i SV står fram i Nyss og oppmodar til å gi ungdomen ein talarstol når han sjølv er sett opp som 1. kandidat på SV lista og slamra igjen døra for ungdomen.

Forgubbing i lokalpolitikken fører til skeiv aldersfordeling som ikkje speglar det faktiske mangfaldet i samfunnet vårt. Ungdomen som utgjer ein stor del av befolkning blir oversette. Dette er ein uheldig situasjon fordi unge kandidatar fører med seg ein vitalitet og friskhet som kan rikke politiske debatter og beslutningsprosessar.

For å styrkje demokratiet på lokalt nivå må vi endre kurs. Høgre har sett i gang ein vitaliserings prosess, og stiller i år liste med mange dyktige kandidatar og mykje flott ungdom som har politisk interesse og vil engasjere seg i politisk arbeide. For å synlegjere partiet sin vilje til vitalisering er yngre kanditatar flytta fram til 4. og 5.plass.

Til ungdomen!

Bruk stemmeretten din, allier dokke, set eit kryss framfor kandidaten  du vil gi ei ekstra stemme. Hugs at velgjarane har makta. Godt valg!