Det har vore skrive fleire spalter i avisa om legesituasjonen i Sykkylven.

Denne situasjonen vil eg la ligge her og no, sjølv om eg har klare meiningar om den.

Eg vil trekke fram lege Bhatia ved Sykkylven legesenter som har ytt helsehjelp til befolkninga i kommunen i fleire tiår.

Eg har brukt han som fastlege heilt frå ordninga blei innført i 2001. No er eg ikkje den som har trakka ned legekontoret, men dei gongane eg har hatt behov for spesialist helsehjelp, har Bhatia ordna dette raskt og effektivt. No er det slik at får ein rask og god helsehjelp og blir frisk, er det ein god og flink lege. Derimot er sjukdomsårsaka komplisert og vanskeleg, og om ein ikkje blir heilt frisk, får ikkje behandlande lege omtale med rosande ord. No er det slik med legar og oss andre dødelege; vi kan dessverre ikkje trylle.

Eg er kjent med at Bhatia fyller 70 år i sommar, og hans lange og trufaste helsetenester for sine pasientar tek slutt.

Mange av hans pasientar, også eg, vil stå utan fastlege. Livet er slik, og ein slik dag vil alltid kome.

No når Bhatia sine helsetenester snart tek slutt, der han i storparten av sitt vaksne liv har ytt helsehjelp til innbyggjarane i kommunen, synest eg det bør rettast ein takk til han frå leiinga i kommunen (adm./politisk).

Mykje kunne ha vore skrive og sagt om lege Bhatia, men eg vil tru at dei aller fleste av hans pasientar vil ønske han eit god og interessant pensjonisttilvære. Det har du, Bhatia, gjort deg fortent til.