Vi i FAU på Ringstad skule er djupt bekymra for Stranda kommune sitt budsjettforslag for 2024. Ringstad skule må nok ein gong trekke i handbrekket og spare over to millionar. Når vi i tillegg ser at ein må spare også på ungdomsskulen er vi redd for framtida til barna våre.

Vi har full forståelse for at kommuneøkonomien er stram, men elevtalet på Ringstad går ikkje ned i 2024, det held seg stabilt. Vi veit at det har vore eit krevjande 2023 for lærarane og andre ansatte på skulen og vi er veldig bekymra for 2024 når det igjen må kutt til. Kor går grensa? Fleire parti på Stranda gjekk på val at dei skulle prioritere tenestane innan helse, eldreomsorg, skule og oppvekst. Lev dette budsjettet opp til det? Nei, meinar vi!

Med det foreslåtte budsjettkuttet er vi redd for at dette vil gå hardt ut over barna og ikkje minst lærarane som blir satt i ein umogleg posisjon. Du kan gjerne kalle lærarar og dei andre ansatte for superheltar, men ein stad går faktisk grensa også for dei. Vi er redd for at sjukefråværet vil gå opp hjå dei ansatte og at det er borna våre som blir sittande igjen med svarteper.

Skulen har rett og slett ikkje råd til å fjerne stillingar når ein må følge opp enkeltvedtak, elevar med behov for særskild språkopplæring og den enkelte elev som treng tilpassa undervisning. Vi fryktar at konsekvensen er at tala på enkeltvedtak vil gå opp, og at du på sikt vil få eit dårligare skulemiljø. Når vi i tillegg veit at det på skulen har vore mange uønska hendingar dei siste åra som vald, sjikane og truslar, blir bekymringa vår endå større. Og med eit eventuelt kutt i antall stillingar frykta vi at jobben som har blitt gjort for å endre denne trenden vil være bortkasta. Det har ikkje Stranda råda til, dette er framtida vår og det er her vi må satse, ikkje spare!

Forslaget til Stranda kommune betyr at Ringstad skule skal klare å yte dei same tenestane med mindre ressursar enn i dag. Det er nett det same som at ein klatt med smør skal dekkje eit heilt brød! Det vil ikkje dekke behovet, blir til slutt tynnskrapa og vil ende opp med å miste heile essensen sin. Ei nedtrapping i årsverk høyres for oss ut som ei grei oppskrift på framtidige sjukemeldingar på ei allerede hardt pressa yrkesgruppe!

VI i Ringstad FAU vil at dagens ressursar skal bestå då vi meinar at dette er for elevens beste, men ikkje minst også for kommunens beste!