Snittalderen for alle kandidatane til kommunestyret i Sykkylven ligg på over 50 år. Høgst er snittalderen blant SV sine kandidatar, 57 år, medan snittalderen hos SP er ti år lågare, 47 år. Sjølv om vi i SV veit at vi har gode kandidatar til kommunestyret, skulle vi ønskt at vi hadde fleire unge på lista vår. Det trur eg dei andre partia også kunne tenkt seg.

Vi kan altså risikere at det blir valt eit kommunestyre der det er altfor få ungdomsstemmer. Og det må vi innrømme er eit demokratisk problem. Sjølv om vi stadig blir fleire eldre, og at det difor er viktig at vi eldre er med i politikken, er det likevel slik at vi må bygge eit samfunn der det er plass til unge og barn. Og det er dei som skal styre samfunnet om nokre år.

Skal ungdom få ei røyst, så må dei og ha ein talarstol. SV vil difor foreslå at kvart kommunestyremøte dei komande fire åra skal byrje med minimum 15 til 20 minutt med «Ungdommens røyst».

Denne tida skal ungdommane få bruke til å snakke om akkurat kva dei vil. På denne stunda skal ungdom få snakke om saker dei er opptekne av, og som dei vil ha fram i lyset. Tema skal ikkje styrast av medlemmane, eller sakskartet i kommunestyret.

Kven skal sleppe til på denne talarstolen? Ungdomsrådet har ein sjølvsagt plass, men det må òg vere plass til grupper som ikkje nødvendigvis har stemme i ungdomsrådet. I god tid før møta kan ungdommar som vil løfte eit tema, ta kontakt med kommunen, og få tildelt tid til å snakke. Det kan vere klassekameratar, ein gjeng ungdommar i Velledalen eller Hundeidvika, vennegjengen på handballaget, eller gjengen som ønskjer seg ein plass å mekke mopedar eller skru datamaskiner.

Invitasjonen går til alle ungdommar i kommunen, og forslaget blir lagt fram i kommunestyret til hausten.