Stranda Senterparti har gjennom dei siste 12 åra vore det leiande partiet i kommunen. Med ordførar i desse åra har vi styrt kommunen gjennom ureint farvatn, og til tider svært uryddige og krevjande tider.

Vårt arbeid var prega av eit utgangspunkt som ingen anna norsk kommune har stått ved.

Begrepet Mission Impossible var ein realitet som utfordra både politikk og administrasjonen til det ytterste, og denne oppgåva har vi løyst bedre enn dei fleste kunne tru.

Dei første 10 åra vart brukt til å balansere kommuneøkonomien slik at vi kunne betale det akkumulerte driftsunderskotet, og gradvis betale ned på investeringsgjelda, og samstundes legge til rette for nye investeringar i næringslivet.

Trass i denne enorme oppgåva skulle vi også halde fram med å utvikle Stranda kommune til ein bedre plass å bu i gjennom prioriterte investeringar.

Slik at alle kan få eit innblikk i nokre av desse investeringane, vil vi nemne nokre av desse.

Renovering av ungdomsskulen på Stranda til 120 millionar. Gjennomført innanfor budsjettramma.

Svemorka. 40 millionar. Klargjering og innløysing av grunnspørsmåla med underskriven avtale med grunneigarane og gjennomført regulering som grunnlag for Orkla Foods si utbygging.

Resultatet av dette løftet var at Orkla Foods gjennomførte si største satsing i Norge til 670 millionar kroner.

Renovering av Sunnylven Barne og Ungdomskule til 67 millionar. Gjennomført innanfor budsjettramma.

Innan VAR (vatn, avløp og renovasjon) er det gjennomført ei rekke tiltak for å sikre bedre og sikrare forsyning av vatn til Svemorka, men også bedre kapasitet på avløpsida.

Stranda kommune har gjennom etablering av utbyggingsavtalar sikra utbygging av vegar og bruer i Hevsdalen samt tekniske anlegg for mange millionar i desse åra. Dette er investeringar som er med på å skape vekst i eit forpliktande samarbeid med dei lokale investorane på Strandafjellet.

Stranda Senterparti har gjennom praktisk politikk stått rakrygga i den politiske stormen desse åra. Det har vore naudsynt å gjere såkalla upopulære vedtak, men vi har stått lojalt opp mot det verdigrunnlaget som Stranda Kommune lever etter med visjonen: Ei Kommune å Vere Stolt Av!

Kva så med vegen vidare?

Vi har gjennom svært krevjande år mellom anna på grunn av pandemien opplevd sviktande folketalsutvikling i Stranda. Ein konsekvens av dette og andre faktorar som inflasjon og renteoppgang, vil stille nye krav til omstilling i Stranda kommune.

Senterpartiet i Stranda har ikkje behov for å setje bygdelaga opp mot kvarandre, slik vi ser av andre politiske utspel i den siste tida. Vår grunnleggande politikk er tufta på at Stranda bygger på 4 bygdelag der vi i sum utgjer ei kommune som står på eigne bein.

Vi er også rimeleg trygge på at velgarane sjølve er i stand til å vurdere om Senterpartiet er partiet som skal styre Stranda Kommune i dei neste 4 åra.

Samarbeid og samhandling vil vere rettesnora for Stranda Senterparti, både til andre politiske parti men også våre nabokommunar som vil vere med på og utvikle våre bygder på Indre Sunnmøre.