Stranda Framstegsparti reiste lovlegskapsklage over vedtak i kommunestyresak 039/23, budsjett 2023 med økonomiplan 2024–2026.

Bakgrunn for saka:

Statsforvaltaren:

«Stranda kommune har dei siste åra hatt større driftsutgifter enn driftsinntekter, noko som igjen har ført til underskot i drifta. Kommunen bruker gradvis av oppsparte midlar på disposisjonsfondet og det er lite midlar til uventa hendingar. Lånegjelda vil auke i økonomiplanperioden og for kommunar med høg gjeld er det risiko for at dei ikkje vil klare å handtere gjelda når vi får renteauke og lågare vekst i inntektene.»

«Budsjetta skal settast opp i balanse og vere realistiske, fullstendige og oversiktlege. Det fører til at kommunestyret ikkje kan vedta uspesifiserte innsparingar. Effektiviseringstiltak og nedtrekk i budsjettet må innarbeidast på konkrete budsjettpostar/rammeområde.»

Framlegg til budsjett for 2023 med økonomiplan for 2024–2026 er svært ufullstendig.

Mottak av 120–60 nye flyktningar:

Det er etter vårt syn uansvarleg når ein forsøker å framstille at mottak av nye 120–160 flyktningar skal redde økonomien til Stranda kommune.

Rådmannen legg opp til å ta imot 30–40 nye flyktningar kvart år. Dette skal generere inntekt på 29,2 millionar kroner.

Samtidig som ein kuttar over 1,2 millionar kroner per år i vaksenopplæringa, medan utgiftene ikkje er synleggjort i budsjettet?

Kvar skal desse flyktningane bu?

Det er innlagt 4 millionar kroner per år i 2023 og økonomiplanen, samla 16 millionar kroner i forventa kompensasjon frå regjeringa for løns- og prisvekst.

Fasiten kom i revidert budsjett, som syner årleg 1,845 millionar kroner til Stranda. Såleis må budsjettet allereie kuttast.

I tillegg har rådmannen lagt inn brått 4 millionar kroner per i auka eigedomsskatt.

For skatt syner KS sine prognosar reduksjon i skatteinngangen frå 2022–2023 heile 8,8 prosent som eigentleg er eit forsiktig anslag.

Rådmannen budsjettera med same tal som for 2022.

Her er mange kutt ved skulen og SFO, slik som over 5 millionar kroner ved å kutte innleige av vikar ved sjukdom, eining Ringstad skule.

I tillegg er det lagt inn nedbemanning og kutt ved Ringstad skule og SFO på heile 6,8 millionar kroner, der foreldre skal få blant anna avslag på SFO plass. I tillegg blir det kutta 730.000 kr i av ei stilling på SFO.

Dette betyr at folk i Stranda må vere heime frå jobb, pga. manglande SFO.

Nye kutt på over 6,5 millionar kroner er i realiteten også ei rasering av eldreomsorga i kommunen, utan at ein viser til kva tiltak som vert sett i verk.

Kutt av nye 6,5 millionar kroner, kvar?

Kutt av dagvakt Solbakken, konsekvens?

Kutt av vasking Solbakken 655.000 kroner?

Korleis kunne spare ytterlegare 3,2 millionar kroner pga. omorganisering innan eldreomsorga, forklar?

Det er utbetalt 10 millionar kroner i utbytte som var budsjettert i 2023, utbetalt i 2022.

No står det ytterlegare 22 millionar kroner i budsjettet, noko som betyr heile 32 millionar kroner i forventa utbytte.

Dette kan ikkje vere lovleg budsjettering med noko som i realiteten er «tenk på eit tal».