Dette er slagordet for Sykkylven Høgre, og som er mitt parti. Kvifor eg har valt Høgre ved dei siste lokalvala, er at det er eit parti med eit OK program, og at det ikkje minst er dyktige personar som står på lista, og er villig til å gjere ein innsats for oss som bor i Sykkylven. Dei fleste parti har meiningsfulle program, men det er noko grunnleggjande som skil Høgre frå dei fleste andre parti.

Høgre har tru på at privat verksemd i samarbeid med det offentlege, gjer at alle menneske vert sett på som ein ressurs. Denne miksen kjem tydeleg fram i blant anna drift av barnehagar, psykisk helsehjelp og heilskaplege helsetenester. Denne miksen gjer at vi blant anna får ein god og sunn kommuneøkonomi, utan eigedomsskatt. Høgre er ein aktiv medspelar i skaparglede, som igjen er med på å skape ei næringsvennleg kommune. Det er mange punkt eg kan nemne, men eg vil at alle tar seg tid til å lese litt i programmet til Sykkylven Høgre, der står det mykje som eg ikkje har nemnt, blant anna om kultur, folkehelse, frivillig innsats, infrastruktur, summen gjer at Sykkylven blir ein bra stad å bu og besøke.

Eit kommuneval er på mange måtar meir eit personval enn eit partival, og her stiller Høgre med dei beste og dyktigaste representantane, her er erfaring, vidsyn og samarbeidsevner godt varetatt.

Andre parti har velskrivne valprogram, men kva hjelper det når ikkje representantane har eigenskapar/evner til å gjennomføre programmet?

Høgre har ved fleire val vist at dei kan samarbeide med fleire parti, og samarbeid er eit nøkkelord når posisjonane skal fordelast.