I forslaget til statsbudsjett står dei frie inntektene til kommunane stille. Det betyr at det er viktigare enn nokon gong at Sykkylven kommune prioriterer skule og barnehage innanfor eksisterande ramme.

Skolelederforbundet har over tid registrert ei utvikling der oppgåvene til leiarar og tilsette skule og barnehage blir auka, utan at det blir tilført ressursar som står i forhold med dette. Tvert imot blir rammene redusert, og trang kommuneøkonomi blir framheva som årsaka. Vi må kutte i tal på tilsette frå andre yrkesgruppe i laget rundt eleven, som for eksempel miljøterapeutar. Desse er alfa og omega i arbeidet med å sikre trygt og godt skulemiljø for barna våre. Vi har ikkje har råd til å kjøpe lærebøker i tråd med Fagfornyinga, eller andre læremiddel ein skulle hatt. Felles for desse eksempla: Eleven er den som er den tapande part.

Sykkylven kommune har heller ikkje vore spart for kutt i skule- og barnehagebudsjetta. Skolelederforbundet ser no på det som vår plikt å advare mot konsekvensane av dette framover. Ein FHI-rapport frå 2021 viser at tal på unge som har søkt helsehjelp på grunn av psykiske plage har auka dramatisk. Medlemmane i Skolelederforbundet melder at seinverknadene av pandemien på ingen måte har lagt seg. Samtidig sleit mange barn også før pandemien. For å kunne ivareta eit godt barnehage- og skulemiljø er ein avhengig av eit sterkt lag rundt barnet og ungdomen- heilt frå dei er små til dei blir større. Ulike yrkesgruppe og god samhandling med dei kommunale støttefunksjonane som helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, fysioterapeut, miljøterapeutar og miljøarbeidar er heilt nødvendig. Dessverre er det ofte desse ressursane som blir marginalisert eller kutta først.

Det at støtteapparatet innan oppvekstområdet stadig blir mindre, samtidig som oppgåvene aukar, har også skapt ein anna negativ konsekvens. Vi står no midt oppe i ei rekrutteringskrise på landsbasis blandt leiarar i sektoren. Skolelederforbundet sine medlemmar melder at det er svært få søkarar til leiarstillingar i skule og barnehage. Ein forskningsrapport frå OsloMet frå 2021 vise at berre 3 av 10 mellomleiarar ser for seg å bli rektor. Dette er skremmande  få, sidan mellomleiarsjiktet er den viktigaste rekrutteringsarenaen til rektorjobben.

Årsakene til rekrutteringskrisa blant leiarar er mange, men også her ser vi at nedbygging av det administrative støtteapparatet rundt rektor og styrar har slått svært negativt ut. Omfanget av administrative oppgaver og for liten administrasjonsressurs på einingane er eit av dei største hindra for at dyktige kandidater vil ha ei leiarstilling eller at dyktige folk vi allereie har blir i jobbane sine. Ein skule eller barnehage som slit med å rekruttere og behalde dyktige leiarar kan vanskeleg skape den forutsigbarheita i det pedagogiske tilbudet som borna fortenar. Skule- og barnehageleiarar må få den nødvendige støtta og fullmaktene dei treng slik at jobben blir meir attraktiv, og til å leve med. Tilstrekkeleg administrasjonsressurs er nødvendig.

I trange tider konkurrerer skule og barnehage med andre kommunale teneste om pengane. Kommunepolitikarane må gjennomføre upopulære kutt som igjen fører til negativ kvalitetsutvikling ein eller annan stad. For Skolelederforbundet er det viktig å seie dette: Å kutte i skule og barnehagebudsjetta er å spare seg til fant. Det kan få svært uheldige konsekvensar på sikt. Det står om framtida til den oppveksande generasjon. Barn som ikkje får god nok oppfølging og støtte kan for eksempel seinare føre til utgifte på både helse- og sosialbudsjetta. Skolelederforbundet vil oppfordre lokalpolitikarane til å ha to prioriteringar i hovudet samtidig. Ein: Samfunnsøkonomisk er det fornuftig å satse på skule og barnehage. To: Etisk er det viktig å sørge for at barn og unge i Sykkylven får den framtida dei fortena. Sykkylven kommune treng den ressursen i framtida. Viss ikkje sparer vi oss til fant.