Kjetil Tandstad fortel i Nyss om kunstig intelligens og hendingar. I den forbindelse er det interessant å fortelje ei hending frå vinteropphald på Gran Canaria.

Ein restauranteigar fann det lønsamt å ha «ei intelligent ku» som las opp kva som var på menyen, når turistar kom bort til restauranten. Utifrå norsk tyding kunne innhaldet vere slik: «I dag vil eg anbefale fisk med kvit saus, poteter og bacon».

Turistane strøymde på, og det vart stor forteneste. Ein dag kom nokre turistar inn og bestilte gras. «Nei gras har vi ikkje», fekk dei opplyst. Då døyr kua di fortalde dei. Eigaren vart med ut. Og høyrde at kua masa oppatt og oppatt: «Eg må ha gras, gras, gras. Og vatn». Han ringde til installatøren. Og fekk opplyst at dette var kua sin kunstige intelligens, som prøvde å opplyse at ho måtte ha nytt batteri.

Intelligens for roboten eg installerte som Driftsingeniør i 1974, for lakkering av Siesta?

Ved besøk på den store maskinmessa Ligna i Hannover, og på andre maskinmesser i verda, var det på den tida ingen industrirobotar å finne. Årsaka var at Datamaskiner og PC-ar heller ikkje var komne i bruk. Roboten for Siesta vart derfor styrt etter same prinsippet som for musikk-kassettar. Det som vart spelt inn vart spelt ut. Innspelt bevegelse ved lakkering vart repetert av roboten for lakkering av Siesta. Med stor forteneste i mange år.

Ein dag vart det teke opp video av roboten på ein kassett, som likna på den roboten brukte. Plutseleg stoppa roboten å lakkere. Og svinga lakkeringsarmen slik at den peika på den som tok opp videoen. Så vinka den med armen opp og ned, før den snudde armen tilbake og tok til å lakkere igjen. Nokre besøkande meinte dette kunne tyde på at roboten hadde intelligens.

Etter litt diskusjon vart det konkludert med at det er mykje uforklarleg mellom himmel og jord. Personen som passa på at roboten lakkerte Siesta med god kvalitet, var ganske klar i sin konklusjon: Ditta he øss aldri sett ta nå før!