Sykkylven Høgre stiller med ei sterk liste av kandidatar, unge, gamle, kvinner og menn. Birgitte Sætre Bonesmo er vår ordførarkandidat. Ho har lang erfaring frå politisk og kommunal styring. Inneverande periode er ho varaordførar.

Vi i Sykkylven Høgre er grådig glade i Birgitte. Ho har ein vinnande måte å vere på, og vi veit at ho kjem til å bli ein svært god og samlande ordførar for alle innbyggjarane i kommunen vår.

Les Høgre sitt program. Som veljar kan du vere trygg på at Høgre vil gjere alt dei kan for å gjennomføre programmet i komande kommunestyreperiode.