Det var fint å kunne bidra til at vårt eige interkommunale Krisesenter for Sunnmøre fikk ekstra støtte, med 747 000 kroner da statsbudsjettet for i år blei revidert. Under pandemien blei Krisesentra definert til å ha ein kritisk samfunnsfunksjon.

Krisesentra sine ansatte inngikk derfor i ei gruppe som kunne nytte barnehage- og skoleplass, og som ikkje kunne omdisponerast. Vold i nære relasjonar er eit alvorlig samfunns- og folkehelseproblem.

Krisesenteret sin innsats for å førebygge, avdekke og nedkjempe vold betyr mykje både for dei som treng deira kompetanse og hjelp, men også som del av vårt velferdssamfunn.

Handlingsplanen mot vold i nære relasjonar – Sunnmøre 2021-2025 – viser at det har vært ein vekst i antall bebuarar, både når gjelder vaksne og barn i krisesenteret. Antall overnattingsdøgn har auka frå under 2000 i 2018 til 4000 i 2020.

Erfaring med større flyktningsestraumar tilseier at behovet for krisesentra sine tilbud auker. Det er også grunnen til at vi har valt å forsikre oss om at krisesentra kan stå bedre rustet nå.