Eg ønskjer å purre på oppmerkinga av HC- plassar ved det nye biblioteket i Sykkylven.

Desse plassane var dessverre ikkje klare til opninga av biblioteket i mai, og no er ein redd for at vinteren kjem utan at noko blir gjort. HC-plassane skal etter avtale med råd for personar med funksjonsnedsetting plasserast langs sørenden på bygget, mot Pilgata. Dette er den beste plasseringa både fordi det er kort veg til hovudinngangen til biblioteket, og fordi den einaste heisa i bygget er plassert innanfor døra ved inngangen på kortsida (hovudinngangen til andre etasje der Fønix/frivilligsentralen skal vere). Den eksisterande HC-plassen i krysset mellom Skulegata og Pilgata er ulovleg plassert, noko som rådet har påpeika mange gonger. Plassen er plassert i ei skråning, og dermed ubrukeleg for bilar for rullestol som har rampe på sida eller bak. Det er lenge sidan vi fekk antidiskrimineringslova om Universell Utforming, som skal sikre at alle får tilgang til offentlege møteplassar. Synes Sykkylven er ein dårleg rollemodell når det gjeld å følgje opp krava i denne lova.

Eg ser også at det som blir hovedinngangen til Fønix/frivilligsentralen blir brukt til midlertidig hovedinngang til biblioteket. Det hadde vore kjekt om dei to planlagte HC- plassane langs denne veggen var på plass, og at det var skilta med parkering forbode framfor inngangen som skal brukast no.