Begge har det til felles at for mykje av det gode aukar risikoen for å utvikle kreft. Derfor har vi ei oppfordring til innbyggjarane i Stranda kommune: Hugs at kvart glas du lèt vere å drikke, gjer godt for helsa.

I desse dagar pakkar mange tursekken og gjer seg klare til ein velfortent påskeferie. Dei fleste av oss er opplærte til å ta med solfaktor for å beskytte oss mot sola, men når det gjeld Baileys-flaska eller raudvinskartongen er vi ikkje like bevisste. For mens det er ei kjend sak at UV-stråling gir auka kreftrisiko, er langt færre klar over at alkohol òg gir det.

Få i Møre og Romsdal kjenner til kreftrisikoen

Vi får stadig meir kunnskap om samanhengen mellom alkohol og kreft. Forskinga viser at sjølv eit lågt alkoholforbruk gir auka risiko for å få fleire typar kreft, mellom anna brystkreft og tarmkreft, som er blant dei vanlegaste kreftformene i Noreg.

Samtidig viser ei undersøking som Ipsos har gjennomført på vegner av alkovettorganisasjonen Av-og-til, at dette er lite kjent i befolkninga. I Møre og Romsdal er det berre 22 % som kjenner til samanhengen mellom alkohol og tarmkreft, og 7 % som kjenner til samanhengen mellom alkohol og brystkreft.

Dette er det viktig at fleire får vite om. Ikkje for at ein nødvendigvis skal slutte å drikke, men for at ein skal kunne ta dei vala som er best for seg sjølv. Og så har vi ei god nyheit òg.

Kvart glas du lèt vere å drikke, bidreg til å redusere risikoen

Jo mindre alkohol du drikk, desto lågare blir risikoen for kreft. Det finst dessverre inga sikker nedre grense for kor lite du kan drikke for å unngå kreftrisiko. Og ein kan aldri garantere seg mot å få kreft. Nokre gonger er livet berre frykteleg urettferdig. Men det finst krefttilfelle som har samanheng med livsstilen, og her går det an å gjere noko sjølv for å redusere risikoen. Ein kan til dømes drikke litt mindre alkohol.

Så kjære innbyggjar, vi skriv ikkje dette for å ta frå deg gleda ved å drikke ein øl i solveggen. Men vi oppfordrar deg til å bruke alkovett, akkurat som du bruker solvett: alt med måte og i fornuftige mengder. Og så ønskjer vi deg riktig god påske!