Statsforvalteren har oppheva vedtaket som Stranda kommune si plannemnd har vedteke. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på, skriv statsforvaltaren.

Bakgrunnen er at plannemnda går imot Fjord 1 sitt forslag om å bygge ein trafostasjon på mellom 70–80 kvm, 5,60m høg, ved ferjelemmen og mot Sjøgata og nedover mot sjøen.

Problemstillinga er at alle punkt som Fjord 1 har i dispensasjonssaka blir støtta av statsforvaltaren. INGEN punkt av det plannemnda, naboar/næringsinteresse kjem opp med, synest statsforvaltaren er av slik betydning at det er verd å ta omsyn til, utan å ha vore på synfaring, men stoler fullt og fast på det Fjord 1 legg fram. Det er eit tankekors at også plansjefen i Stranda kommune er av same meining som statsforvaltaren.

Trafikksikkerhetsutvalet i fylket var invitert til å ha synspunkt, men ingen tilbakemelding der ifrå. Men vi legg merke til at andre plassar, meir grissgrendt, der er dei på plass og ber om flytting av trafobygg då det blir lite oversiktleg, men altså midt i sentrum av Stranda der er det ingen problem. Forstå det den som vil!

Trafikken, med ferjekø, mjuke trafikantar, skulebuss med elevar til og frå, vaksne og ungar, og køyretøy i Sjøgata er allereie på grensa enkelte dagar, det er ikkje utan grunn at «Trafikkservice» er her med to personar i fleire månader for å dirigere køane. Kva når det blir endå meir trafikk? For det blir det. Då må det endå meir plass til, og kvar skal den takast ifrå? Føre var-prinsippet har aldri vore dumt, bruk det her.

Dette er eit døme, men der er fleire. Mellom anna blir det hevda at det må vere kort avstand til ladetårnet, andre plassar, som for eks, Flakk ferjekai i Trøndelag, er avstanden vel så stor som den blir her på Stranda, og det er tydelegvis ikkje eit problem!

Fjord 1 hevda også at det er for langt til nordsida av Pitings, men det er omtrent like langt dit Fjord 1 ville ha det i første omgang, og som dei gjekk ifrå, ikkje grunna avstand, men grunna snørydding, vedlikehald og liknande, ved bussoppstillinga på promenaden. Då var det ikkje så nøye om det var langt!

Fjord1 visste om dette oppdraget allereie i 2018, det er deira eigen seindrektigheit og arroganse, som er skuld i at dei brått er i tidsnød. Vi har snakka med plannemnda som har hatt to synfaringar og diskutert saka nøye, og det er ingen ting som tyder på at dei har endra syn, tvert om. Grunnen til det er at dei ved sjølvsyn har sett at dette er ei dårleg løysing, alt for trongt, trafikkfarleg og ikkje framtidsretta, dette er det same som naboane/næringsdrivande har hevda i lang tid.

No skal plannemnda handsame saka på nytt den 28.08. der dei skjønnsmessig skal gjere ei vurdering av om dei, ut ifrå saklege omsyn, vil eller ikkje vil gi dispensasjon, og det er dei som har siste ordet.