Høgre har alltid vore partiet mitt. Medhaldet starta nasjonalt, med Erna sin valgkamp og så Høgre i regjering. Det gjeld sjølvsagt prinsippa og dei politiske løysingane, men også menneska og heile kulturen i partiet.

Då eg flytta tilbake til Sykkylven for 4 år sidan blei interessa lokal, og eg starta å følge med i lokalpolitikken. Meldte meg etter kvart inn i Sykkylven Høgre, blei med på møter og blei kjent med menneska i partiet. Det blei fort tydelig for meg at den samme kulturen er her. Høgre representerer stabilitet og ro. Diskusjonane og beslutningane er rasjonelle, ikkje følelses- eller impulsstyrte, og man har respekt for andre menneske. Det er eit styringsparti, men også eit parti som vil vere ein god samarbeidspartnar, med dyktige mennesker med ulik bakgrunn i bygda.

Politisk sett meiner eg at Høgre har dei rette svara på korleis å drive landet og kommunane våre best mulig, både idag og framover. For å nevne nokre område;

Næringspolitikken. Vi vil spele på lag med næringslivet, og lytte til deira behov. Å ha blomstrande næringar i kommunen er avgjerande for at hjula skal gå rundt, dette gir arbeidsplassar, utvikling, inntekter og aktivitet, og alt dette vil vi ha i Sykkylven.

Valgfrihet. Vi treng private alternativ til både barnehage, skule, helse og eldreomsorg, og folk skal kunne velge. Private barnehagar og legesenter kan vere vel så godt drevne som offentlege, og ikkje minst er konkurransefaktoren viktig.

Skulepolitikken. Aldri før har så mange gått ut av skulen uten å kunne lese og skrive skikkelig. Dette kan gi dei problemer på fleire måtar framover. Barna er framtida til dette landet! Tidlig innsats i skulen er avgjerande for å snu dette, saman med fleire kvalifiserte lærere. Vi vil jobbe for at skulane i Sykkylven skal bli blant dei beste i landet. Elevane skal både trivast og lære!

Trivsel. Sykkylven Høgre vil jobbe for at vi forblir ei samla bygd, der alle innbyggjarar trivast! Gode idéar og private initiativ er gull, og dei vil vi støtte. Kjekke og varierte tilbud innen sport og kultur, naturopplevelser, festivalar, offentlege plassar som badestrender og Kaitrappa, ulike klubbar, etc. Vi ønsker at unge som flytter ut av bygda for å studere og oppleve verden ønsker å komme tilbake etterpå. Erfaringar frå eigen barndom kan påvirke i denne sammenheng, så ein kjekk og trygg oppvekst er viktig!

Til sist men ikkje minst; skatt. Vi vil jobbe mot å avskaffe eigedomsskatten. Dette er ein urettferdig skatt på det å eige noke so nødvendig som ein bolig. Folks eigedom, som er betalt med allerede skatta inntekt. Ved god drift av kommunen er dette mulig å avskaffe!

Eg anbefaler mine sambygdingar å stemme Høgre ved kommunevalget.