Ei fleksiline er mange meter lang og har blitt svært populært for hundeeigarar å bruke på luftetur med hunden. Den gir rom for å la hunden gå metervis framfor, bak og til sides for eigaren.

Sjølv har eg opplevd at fleksilina til hunden som angreip min, vikla seg fast i min hund som låg still på vegen. Hundeeigaren hadde ikkje sjanse å halde hunden, som pga. fleksilina fekk sjansen til å kome opp i god fart på veg mot oss, og fleksilina var med.

Klart eg vart sint, kvifor bruke slikt utstyr på ein hund du treng å ha kontroll på?

Fleksiline er fint å bruke i skog og mark no i bandtvangstida, men er det noko å nytte på tur i sentrum, langs trafikkert veg eller på gang- og sykkelveg? Har hunden behov for å kunne gå inn i hagen til folk, over grøfter og ut på veg, eller om uhellet er ute og du har jaktinstinkt i hunden, kunne komme i fullt driv opp av ei grøft og rett på ein syklist, eller eit løpande barn? Er det nødvendig?

Eg meiner i fullt alvor at det er heilt unødvendig, eit vanleg leieband på 1,5-2 meter gir hunden all moglegheit til stoppe og snuse og gå litt framfor og litt bak etter som den vil. Samtidig er eigar nær nok til å kunne hanke inn hunden i møte med folk, andre hundar og syklistar. Det er mange ungar der ute med sparkesykkel og vanleg sykkel, og folk joggar som aldri før.

Vi som har hund, skal sørge for at hunden vår ikkje er til plage for andre, hundar i fri flyt i fleksiline kan lett bli opplevd som plagsame. Ja, det stemmer at ei fleksiline kan kortast inn, men ikkje samtidig som hunden dreg i motsett retning, og ja, det er brems på den, men kva hjelper det når 4–6 meter alt er utspela?

Bruk fleksiline der det høver og vanleg leieband når du har asfalt under skoa!