Stortinget vedtok 16. juni ein ny nasjonal jordvernstrategi. I Hurdalsplattformen seier Sp at jordvernet skal styrkast og at ein skal ta overordna omsyn til det i arealforvaltninga. Kommunane er då sjølvsagt også særs viktige aktørar i jordvernarbeidet.

Hurdalsplattformen legg opp til å utvikle eit sentralt register for viktige jordbruksareal av nasjonal interesse og å etablere eit nytt kartlag for dyrkbar jord. Det skal utviklast eit jordbruksarealrekneskap og greiast ut ein heimel i jordlova for vern av viktige areal.

Underteikna er uroa over at einskilde politiske parti både lokalt og nasjonalt knapt nok nemner jordvern i partiprogramma deira. Det at Noreg har 3 % dyrka areal og ein sjølvforsyningsgrad på under 40 % er liksom ikkje eit viktig tema. Og det samstundes med at ein av verdas største kornprodusentar ligg i krig og har vanskar med å eksportere kornet sitt.

Nokre vil kan hende meine at det ikkje er så nøye med kor mykje ein lokalt bygg ned av matjorda. Når ein ser kor mykje dyrka og dyrkbar jord som er bygd ned i landet vårt dei seinare åra burde alarmen gå. Det er totalarealet som er viktig.

Sett bremsa på. Det er ikkje for seint å snu.

Og som bonde i sentrumsområdet i Sykkylven vil eg minne somme politikarar på at det i området finst mange attraktive stader å etablere bustadområde som ikkje kjem i konflikt med dyrka og dyrkbar jord.

Eg er stolt over å vere listekandidat i eit parti som tek jordvernproblematikken på alvor både lokalt og nasjonalt.

Når du røyster på Sp gir du samstundes støtte til eit lokallag og ein sitjande ordførar som heile tida har sett kor viktig det er å oppretthalde og utvikle landbruket i den ville og vakre heimbygda vår.

Godt val.