Det hender at eg slumpar til å seie ordet limband. Viss det då ikkje er til ein person som er fødd lenge før tusenårsskiftet, må eg forklare at det er teip eg meiner. Fordelen med fornorskinga av det engelske ‘tape’ er at du òg får verbet å teipe i tillegg. Vi brukte ikkje å «limbinde» med limband. Dessutan er teip eit kortare ord, som tel mykje i dagens språkbruk. Sjølv om limband er ei god, sjølvforklarande samanskriving av to enkle ord, duger det altso knapt no lenger.

Teip er ei middels gammal fornorsking, frå 1966. Poenget er sjølvsagt å kunne skrive låneord på tilnærma lydrett måte, med norske bokstavar. Det er Språkrådet som fortløpande vurderer om nyord og låneord skal få ei norsk skriftnorm, vanlegvis i begge skriftspråka samtidig. Frå 1980-talet auka fornorskinga av engelske ord som blei mykje brukte. T.d. kløtsj (‘clutch’), krål (‘crawl’) og jogurt (‘yoghurt’) er frå 1984, sørvis (‘service’) frå 1995.

I nyare tid har engelsk blitt gradvis meir dominerande som felles verdsspråk, både reint mellommenneskeleg og som andrespråk i undervisning og læring. Stolte nasjonar som før nødig ville bruke anna enn sitt eige språk, t.d. Island, Finland og Frankrike, har endra haldning til nytta av å kunne møte folk frå andre land med engelsk som eit viktig praktisk hjelpemiddel.

Vi merkar det sjølvsagt godt i det daglege her i Noreg òg – eller kanskje ikkje? Det både snik og brøyter seg nemleg halvt umerkeleg inn i alle samanhengar som har med moderne språkbruk å gjere, munnleg og skriftleg. Og det møter liten motstand. Tvert imot er det visst ‘in’ å krydre talemåten med ord på engelsk; det gir status og viser at du er oppdatert. Vi diltar ukritisk m.a. etter danskane (nok ein gong!), for dei er jammen ganske håplause med dette språkfenomenet òg.

Av og til kan nokon heldigvis glimte til og overraske med spenstig språkbruk i lokalmiljøet vårt. Soleis ros til den nye, særprega samlingsplassen for unge i Sykkylven, Høbben – flott! Her har dei laga ein variant av hubben (Språkrådet si eiga normering av ‘the hub’). Kanskje kan vi håpe at det neste år vert annonsert bygdameisterskap i kviss, leia av ein kvissmeister (ikkje ‘quizmaster’)? Det er nemleg 8 år sidan Språkrådet normerte denne fornorskinga frå engelsk.

Sjølv om vi låner nyord klart mest frå engelsk no, har mange av dei eit anna opphav (etymologi). Dei klassiske språka gresk og latin dominerer framleis det etymologiske i svært mange låneord i dei ulike europeiske språka. Med smarttelefonane blei t.d. ordet app viktig. Det er forkortinga av applikasjon (engelsk: ‘application’) – velkjent frå syarbeid, ikkje minst til kunst. Opphavet for ordet er latin, men det blei sjølvsagt fyrst forkorta på engelsk, uttalt «æpp». Språkrådet godkjende app for 11 år sidan, med likestilt norsk og engelsk uttale. Nesten alle reagerer når eg brukar den norske uttalen – von dess! Men du har altso valet, og då treng du ikkje vere med på å framskunde engelsk til nytt fyrstespråk i Noreg. Lukke til!