Det komande kommunevalet ligg nok bak bl.a. fleire brannsløkkings-utspel av representantar frå ordførarpartiet i Stranda siste tida. Deira forståing av realitetane står fram noko tannlause når ein samstundes studerer fleire samrøystes lovpålagde vedtak som ikkje er gjennomførte på deira vakt på den eine sida, og dei svært dyre ikkje-planlagde prosjekta på den andre sida, som dei òg har vore med på. Etter ei tid kjenner ein igjen korleis i dette tilfellet disse to med den sitjande ordføraren i spissen bruker argumenta sine. Det er som i Keiserens nye klær! Våpendragarar er også ein nærliggjande karakteristikk. Eg kan ikkje fri meg frå tanken om at dei siste utspela om «Solbakken» og i å sverte Frank Sve må vere «timet» i eit avtalt spel frå ein vaklande og usikker maktstruktur. Ein interessert veljar kjenner etter kvart igjen «trekka» frå den sterkaste «influensaren» i kommunestyre og formannskap. Med ei vilje til å bruke hersketeknikk som effektivt setter fraksjonar opp mot kvarandre.

Det er no ein gang slik at vi som veljarar har ein soleklar rett (kanskje til og med plikt) til å vurdere, meine og uttale oss om kva vi synest om det kommunale styre og stell. Og at dei som engasjerer seg sjølvsagt skal sleppe det underteikna fekk erfare i å bli negativt omtalt som person av sentrale folkevalde framfor eit fulltalig kommunestyre, utan at eg sjølv var til stades. Denne retten legg eg naturleg til grunn når eg kvitterer ut eigne erfaringar i å sjå Stranda kommune og sitjande ordførar i korta. Innhald i brev, tlf., eigne fysiske møter med rådmann, varaordførar, ordførar og ei for tydeleg rolleblanding i kommunehuset underbygg denne oppfatninga.

Underteikna såg seg nøydd å konfrontere Stranda kommune av mangel på tydelege skil mellom administrasjon og folkevalde. Dette synleggjorde at «kommandolinjene» i kommunehuset er rimeleg innsnevra. I praksis at maktfordelingsprinsippet, (ein av dei viktigaste ideane den norske grunnlova er bygd på) ikkje fungerer slik den bør. Eit prinsipp som for ofte blir utfordra heilt opp til regjeringsnivå. Når det sviktar hjå det lokale kontrollutvalet, hjå statsforvaltaren og nesten dagleg på regjeringsnivå, kan dette for andre politikarar føre til ei utvikling og haldning som tilseie: «Alle veit og gjær, derfor skjer det også her». Derfor er det rett og viktig å følge med at maktfordelingsprinsippet har levelege kår. Dessutan eit av lokalavisene sitt samfunnsansvar, men likevel med store variasjonar i vilje og intensitet.

Etter å ha opplevd samrøra og vurdert maktstrukturane i Stranda kommune, meiner eg at vi opplever ein systemsvikt og manglande fokus på hovudformålet: «Det beste for innbyggjarane»! Sjølv om fleirtalet vedtek, ser ein likevel og litt for tydeleg at realpolitikken i Stranda kvile på for få hender. Derfor kan utspela frå dei to SP-medlemmane til forveksling minne om «skreddarane» som i eventyret fortel kor fin og flott keisaren ser ut i sine nye klær. Heilt til ein småunge sei høgt at keisaren gjeng rundt i berre underbuksa. Når beraren til slutt innsåg sanninga, var det for seint.