I ein liten kommune med store areal, og kanskje blant landets mest utfordrande logistikk, ligg tre bygdesamfunn og ein større tettstad. Dette utgjer Stranda kommune, ei levande kommune på alle måtar. Næringsliv og turisme er i vekst, men likevel har vi fråflytting, og slit som mange andre små kommunar med å få dei unge vaksne heim.

Bulysta kan kome av ulike årsaker, og vi er alle ulike. Men eit visst nivå av offentlege tenester er heilt nødvendig for å halde oppe bulyst og fornøgde innbyggarar. Eit ope legekontor ein dag i veka er eit minimum av kva vi kan forvente i Geiranger og på Hellesylt. I Liabygda er det også omsorgsbustadar som treng heildagsbemanning. Å måtte bruke opptil 5–6 timar tur/retur Stranda-Geiranger for å ta ei enkel blodprøve, skal vere heilt unødvendig, og er ei belastning vi ikkje skal påføre dei svake og eldre. Dette er heller ikkje samfunnsøkonomisk forsvarleg.

Å flytte alle offentlege tenester til Stranda tettstad, er heilt uaktuelt. Eg og Senterpartiet skal arbeide hardt for å halde oppe alle bygdelaga med flest moglege tenester lokalt.

Tyngda i dei offentlege tilboda skal sjølvsagt ligge på Stranda, og vi må styrke tilbodet, så vi har eit sterkt og godt fagmiljø der. Alle innbyggarane i heile kommunen skal få gode tilbod og ein god alderdom.

Å halde oppe skule og barnehage slik som vi har det i dag, er også viktig for bulyst og for vilje til etablering. Her må vi skape gode miljø og sørge for gode forhold på nye søkarar. Alle born skal få gode og trygge oppvekstvilkår. Vi må også få sett på oppgradering av Ringstad skule så raskt økonomien vår tillèt det.

Vi skal støtte lokale bedrifter, oppfordre til nyetableringar, vere framoverlente og legge til rette for gründerar og utvikling i aller krikar og krokar. Dette skaper arbeidsplassar og bulyst.

Eg vil ha kommunegrensene akkurat slik dei er i dag, men gjerne inngå gode samarbeid med for eksempel Fjord kommune. Eg vil jobbe for at Stranda skal vere ein god plass for alle å bu i, med gode offentlege tenester i heile kommunen.