Var du ein av dei som vart overraska over at vi i Norge har fått ei lov som gir alle rett til å skifte juridisk kjønn?

Det avgjerande ved lova er nemleg at lova er eit naturleg resultat av ein gjennomgripande seksuell revolusjon bygd på radikal kjønnsteori.

Denne revolusjonen krev nemleg av oss at vi alle endrar vår forståing av det som skjer rundt oss.

På same tid så pågår det ei rettssak i Finland mot Paiva Rasanen som er tiltalt for hatefulle ytringar mot ei folkegruppe.

På Jæren vil lokalpolitikarar frata eit bedehus heile støtta til barne- og ungdomsarbeidet fordi dei heldt seg det Bibelen seier om kjønn og etikk om samliv. Alt dreier seg om juridisk kjønn og dette spring ut av den seksuelle revolusjon.

PDK har over lang tid etterlyst ein reell debatt knytt til dei endringar i lovverket som bygg på denne revolusjonen, endringar som har betydning for både ytrings og trusfriheita.

Flytande kjønnsidentitet, rettsaka i Finland og bedehuset på Jæren handlar om det same: Korleis både akademia og kristne mister sjansen til å undervise eller forkynne om det som er naturens sanning og kristendommens syn på samlivsetikk. Kjønnet og etikken er oppheva, og vi skal alle definere oss sjølve, det er blitt ein menneskerett, og vi blir alle ramma av kravet om ikkje å diskriminere eller krenke. Alt er ein internasjonal trend  fordi argumentasjonen er den same både på Jæren eller i Finland.

Etter diskrimineringslova er det ikkje lov å diskriminere nokon på grunnlag av seksuell orientering eller kjønnsidentitet. Etter endringa i straffelova Paragr. 185 er det blitt straffbart å krenke nokon på bakgrunn av seksuell orientering eller kjønnsuttrykk. Ein skal ikkje ha mykje fantasi for å forstå at dei som hevdar at opplevinga av flytande kjønnsidentitet er ein forvirra tilstand som krev omtanke og tiltak, eller at organisasjonar som har eit regelverk som er bygd på klassisk kristen samlivsetikk, for nokre kan virke skremmande, nedverdigande og ydmykande, og dermed kan komme i strid med lova.

Derfor ser vi at prosessen mot Rasanen kunne ha funne stad her i landet og. Det er ingen juridiske hindringar for det.

PDK vil vere heilt klare på at dei endringar som no skjer innafor lovverket kan brukast mot alle som ikkje er einige i den forståinga som lova bygg på.

Vi kan ikkje ta vare på både trusfridommen og ytringsfridommen samtidig som vi vil ha eit samfunn bygd på radikal kjønnsteori. Desse måla står i strid med kvarandre og lar seg ikkje oppfylle samtidig. Eit samfunn som lar følelsar definere  sanninga fjerner verdigrunnlaget som sikrar vår fridom.