(Dette lesarinnlegget er opphaveleg eit innlegg skrive til fylket/kommunen).

Eg vil oppmode fylket om å analysere beredskapsansvaret sitt ein gong til, i lys av at vi framover oftare må rekne med ekstremvêr.

Vidare er det vel fylket si rolle å leggje til rette for reiselivsutvikling og berekraftig infrastruktur. Fylket er regional planmynde og «har ansvaret for regional samfunnsutvikling, planlegging, næringsutvikling, samferdsel.» (NOU 2023: 10 side 11).

Frå eit kommersielt standpunkt der fylket har eit ansvar for utvikling, bør kaia ikkje seljast til ein privat aktør – då dette vil ha stor påverknad på konkurransen – og uheldig for utvikling av reiselivstilbod på Hellesylt og i Geiranger. Kostnadar for kaia kan bakast inn i anbods og konsesjonsføresetnader og dekkjast inn gjennom leigeinntekter. Å gje eit anbod på drift av ei ferje/passasjerrute over 5–10 år med kostnader rekna inn er føreseieleg for eit ferjeselskap. Å kjøpe ei kai for eit privat selskap er eit stort økonomisk løft.

I tillegg er det konkurransevridande dersom ein privat aktør skal ha hand om kaia, sjølv om konsesjonen vert tildelt frå det offentlege. Ein av dei viktigaste faktorane for reiselivsbedriftene er at ein rår over føreseieleg infrastruktur i offentleg regi.

Heilårleg ferjetilbod mellom Hellesylt og Geiranger er viktig for reiselivsbedriftene – og den må vere føreseieleg, elles er det vanskeleg å selje pakkeløysingar til bransjen. Heilårsdrift av denne ferja er og viktig for bulyst, i båe endar av fjorden, eg vil støtte initiativet som kom frå Geiranger.

Det å flytte ferjekaia er heller ikkje å anbefale – frå eit sjømannskapsfagleg perspektiv. Kaia vil verte krevjande å manøvrere til/frå og den er i konflikt med cruisekaia, der ein må rekne med at trafikken tek seg opp att når nullutsleppsteknologien er på plass.

Sidevind har og fått større påverknad for cruiseskip – både ferjer og cruiseskipa treng manøverrom, særleg om ferjene skal bli større – noko ein argumenterer for i samband med flytting av kaia.

Mange tenkjer at dette løysast med baugpropell, då må energiforbruken til baugpropellen og plass for i skroget reknast med i designfasen. Dersom det er testa, skulle det vore interessant å sjå kva inngangsverdiar som blei brukt i simuleringane mtp maskinkonfigurasjon, energiforbruk og straum. Viser her til bacheloroppgåve om design av berekraftig fartøy ifm Grøn Kai prosjektet, der skrogform, framdrift og energiforbruk er drøfta. I tillegg er grunnforholda der den nye kaia er teikna inn. Det finst ferjer, som passar til båe kaiene – og som kan byggjast om til utsleppsfrie alternativ – flytting av kai bør ikkje vere ein føresetnad for vidare drift.

Trafikksituasjonen sommarstid på Hellesyltneset og ved brua er krevjande – men kan løysast med merking og dirigering, som og kan leggjast inn i konsesjon/anbod. Det er lettare og rimelegare å dirigere trafikken enn å arbeide mot naturkreftene. Kaiene i Geiranger og Hellesylt må og sjåast i samanheng – ferjene må passe til begge.