Etter siste stortingsval, der Frp fekk flest stemmer i Stranda, sa du i intervju med redaktør Kjøde i Nyss at målet var å oppnå det same i komande kommuneval. Ja, det var ei ærleg målsetjing som ingen kan kritisere.

Etter valet har du vore svært aktiv i Nyss for å vise fram partiet ditt. Problemet er berre at du kjempar med ufine metodar. I avis etter avis skriv du nedsetjande om noverande fleirtal i kommunen, og særleg har dette gått ut over Sp som du tydelegvis oppfattar som sterkaste motstandaren til Frp. Skrivinga di har meir og meir vorte svært ufine angrep som du ikkje har grunnlag for. Det er lovleg å kjempe for si sak, men ein bør vere ærleg i sine påstandar.

Eg vil nemne eit par døme som fortel kva nivå du har lagt deg på. Du skriv at Sp i sitt program ikkje har nemnt Stranda tettstad. Sjå gjennom programmet og fortel folk at dette ikkje er sant.

Du fortel at Sp og posisjonen har ruinert Stranda økonomisk, og at alle pengane er brukte opp. Kan du, med hjelp av fagfolk, vise med tal at den økonomiske situasjonen i kommunen skuldast noverande fleirtal? Gløymer du ikkje kva som hende i di styringstid?

Du reagerte sterkt på det reviderte budsjettet som vart lagt fram, og klaga det inn for fylket. Ordførarkandidaten til Frp, Steinar Aanning, synleggjorde dette standpunktet også i neste kommunestyremøtet. Etter ei oppklaring frå administrasjonen, måtte Steinar vedgå at han og Frp ikkje hadde forstått oppsettet, og at det som stod der, var rett. Du som gjekk så beinhardt ut i media, har enno ikkje bedt om orsaking for det du skreiv og ytra.

Stranda kommune søkjer no om ny kommunedirektør. Sidan det kommunestyremøtet som skulle vedtake namneendringa, vart avlyst grunna ei tragisk hending, vedtok formannskapet denne endringa, som organet har lov til å gjere i saker som hastar. Du gjekk då ut i media og fortalde at namneendringa ikkje var rett vedteken. I ettertid måtte du vedgå overfor administrasjonen at du ikkje hadde fått med deg denne prosessen, og at han var lovleg. Har du skrive noko i media om at du tok feil?

Du skreiv eit sterkt innlegg i Nyss om utlysingsteksta til denne stillinga, der du kritiserte det meste. Har du tenkt over om denne kritikken gjer det lettare å få ein dugande person i stillinga, eller er det berre omsynet til eige parti som tel? Kva om du i staden hadde gjort ditt for at Stranda får gode søkjarar!

Ei lygn blir ikkje sanning sjølv om ho blir teken opp att og opp att. Ordførar Tryggestad sa i siste kommunestyremøtet at partia måtte ikkje bli så opptekne av å skaffe seg stemmer i det komande valet, at dei vart uærlege. Dette bør vere ei rettesnor når maktsykja vil ta overhand!

NB! Eg bed om ærlege og sannferdige svar på spørsmåla mine!