Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har kome med framlegg til ny forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrome laksefisk (munningsfredningssoner) og nedsenking av garn i sjøen.

Grensa for fredningsområdet utafor Hellesylt er teikna frå Åseneset og nordvest over fjorden. Forbodet vil ikkje gjelde sumaren, men delar av året når lakseelva er stengt for fiske.

På Hellesylt er det bratte bergvegger mot fjorden. Det er difor ikkje mogeleg å gå frå sentrum forbi fredningssona.

Fiske frå fergekaia og andre delar av sentrumsområdet er viktig for mange. Mange born har blitt sportsfiskarar på grunn av turar på kaia etter berggylt, småtorsk, makrell, og andre spanande fiskar.

Turistane har også ofte med seg fiskestong, og synes det er artig å dra nokre seipinner.

Ei tredje gruppe er våre nye landsmenn frå Aust-Europa. Dei er lite med på andre fritidstilbod, og koser seg med fiske frå kaia i helgane.

Det er ei viktig at vi held på allemannsretten og den hevda retta til fiske i sentrumsområdet. Det er unntak at nokon tek laks eller sjøaure frå kaia.

Dette fisket har neppe innverknad på bestanden av sjøaure og laks.

Eg vil difor foreslå at ein gjer om framlegget til forskrift, og gir unntak for småskala fritidsfiske etter saltvassfisk med stang og snøre heile året.

Alternativt gjer eg framlegg om eit eige unntak for Hellesylt. Dette på grunn av at det ikkje er mogeleg å kome frå sentrumsområdet langs land forbi fiskefredningssona.

Dette kan formulerast; På Hellesylt er fiske med stang og snøre tillatt heile året frå Ragnhildholmen nedafor Hellesylt bru ved utløpet av Langedalselva til Notanaustet nord for badestranda.