Senterpartiet vil at Sykkylven skal vere ein stad der born og unge trivst, har ein god oppvekst, og gjerne buset seg og stiftar familie.

Men kva trengs i Sykkylven? Korleis skal vil få til at born har ein god oppvekst, og at ungdom trivst?

For trivst ein ikkje som ung, kjem ein heller ikkje igjen som vaksen.

Men ein blir fort “for vaksen” til å vite kva ungdom treng.

Difor har Senterpartiet jobba målretta for å styrke Ungdomsrådet. Dette er ungdommane sitt eige organ, uttalane er rådgjevande for kommunestyret.

Gjennom 8 år har eg fått vere mentor i Ungdomsrådet, og hatt gleda av å jobbe med engasjert ungdom! Det er ikkje vanskeleg å vere optimist etter møter i Ungdomsrådet! Senterpartiet vil styrke Ungdomsrådet i dei neste periodane.

Noko som har oppteke ungdommar, har vore tilgang på uformelle møtestader. Difor har Senterpartiet støtta skipinga av Høbben, og tilltak som Open Storhall. Slike lågterskeltilbod vil Senterpartiet satse vidare på neste periode!

Senterpartiet har også vore med og innført kontantstøtte. Vi vil stimulere til meir bruk av kontantkassene, så endå fleire kan delta på det dei liker best - uavhengig avi lommebok.

Sykkylven har eit blomstrande idrettsliv, der det presterast på høgt nivå! Gjennom å til dømes bevilge penger til nytt kunstgras på den kommunale bana, har Senterpartiet betra vilkåra for idretten.

Skulen er ein stor del av born sin kvardag, og det er veldig gledeleg at vi snart opnar ein splitter ny barneskule i Sykkylven!

Dette blir ein skule med høg kvalitet, med Kulturskulen integrert, og der einingane er samla. Alt dette gir økonomisk gevinst for kommunen, noko som vil kome borna våre til gode!

Den nye skulen har ein stor fleirbrukshall med amfi, slik at fleire organisasjonar og fleire generasjonar kan nytte hallen, også på kveldstid. Skulen har også eit fantastisk uteområde som er tilgjengeleg etter skuletid.

Mykje godt er kome på plass denne perioden. Til dømes har vi fått eit fantastisk bibliotek! Det er godt å sjå at biblioteket finn si form - med utvida aktivitetar for fleire aldersgrupper. Når parken utanfor er klar, vil dette gi auka liv i sentrum og enda eit kosleg fellesområde.

Bygging av ny barneskule og bibliotek er berre to døme på kva ein kan få til med ansvarleg økonimistyring. Det som også er kjekt, er å sjå at Sykkylven siste tida har fått på plass fleire gode prosjekt der ein har fått støtte frå fylket og andre - til dømes tettstadsutviklingsprosjektet og omstillingsprosjektet.

Vi i Senterpartiet meiner vi har fått til mykje bra dei siste periodane. Vi vil jobbe for at Sykkylven skal blomstre også neste periode!

For Sykkylven skal vere ein kommune der det er kjekt å vekse opp, og ein kommune der folk ønsker å busetje seg! Vi ønsker ein kommune med liv i sentrum og levande bygder - til det beste for alle innbyggjarane.