Sykkylven KrF har denne gongen ei liste til kommunevalet med fleire unge enn nokon gong. Det er vi litt stolt av.

Programmet vi går til val på har mykje til felles med alle andre partiprogram i kommunen, og ein kan stille spørsmål om det i praksis er forskjell på dei. Alle vil ha betre skule og betre helse-/legetenester. Det same gjeld arbeid for etablering av arbeidsplassar og butilbod. Fleire vil ha nye store investeringar. Dei fleste vil ha bort eigedomsskatten.

Sykkylven KrF sitt program inneheld lite om nye investeringar eller auka midlar til drifta. Kvifor? Fordi midlane vi disponerer er bundne opp. Kommunen si gjeld passerer 1 milliard i løpet av neste periode. Auken i kapitalkostnader er på meir enn 20 millionar, pengar som må hentast frå andre driftsområde vi allereie har lite på.

Kommunedirektøren gjennomfører dette året ei reorganisering for å redusere driftskostnader. Resultatet av dette er at økonomiplanen for dei neste tre åra skal gå i balanse, fortsatt med eigedomsskatt på same nivå som idag. Blir spennende å sjå neste budsjettframlegg. Berre for å ha sagt det: Vi er også imot eigedomsskatt, men er realistiske.

Sykkylven KrF støttar administrasjonen sitt arbeid med legesenteret. Mange klager på at løysinga er dyr. Og med rette. Men det er for enkelt å seie at det gamle systemet fungerte mykje betre og var billig. Vi må innsjå at tida med listelengder på 1.700-2.000 personar på ein lege er over. Legane vil ha meir «normal» arbeidstid og vil ikkje ha meir enn 700-1.000 på sine lister. Det er eit enkelt reknestykke at vi må auke frå tre legar til 8–10. I tillegg skal vi ha legevakt som fungerer. Og legane veit kva lønn dei kan kreve når det på landsbasis manglar legar. Kostnad 20-30 millionar kroner per år.

Sykkylven KrF vil vere realistiske i denne perioden også og lover ingen store investeringar eller auka tilbod på driftsområda dersom ikkje overføringane frå statsbudsjettet blir auka betydelig. Vi skal likevel framleis kjempe for at kommunen blir god å bu i. Også i krinsane.

Ei av våre kjernesaker har vore støtte til barn med svak økonomi og utanforskap. Vi vil at at det blir laga ein handlingsplan mot barnefattigdom i kommunen. I dag gir kommunestyret mykje støtte til idrettslaget. Vi vil auke støtta til frivilligheta på en slik måte at det kjem barna direkte til gode. I budsjetta dei siste åra har vi fått med ei «kontantkasse» der familiar kan få (uten spesiell søknad) støtte til f.eks å vere med på fotballcup eller til medlemskontingent. Vi vil utvide denne «kassa» der frivilligheta enkelt kan søke om økonomisk støtte og auke støtte til aktivitetsbygga i krinsane.. Dyrt? I praksis småbeløp i et budsjett på 600 mill. kr. 100% auke på 0 er fortsatt nesten 0.

Uansett Sykkylven KrF eller ikkje: Gi di stemme!