Ein kan knapt opne ei utgåve av Nyss utan at ein finn minst ei forfriskande meiningsutveksling frå Stranda-politikarane. Men frå deira kollegaer i Sykkylven er det frustrerande stille. Hadde det ikkje vore for avisa sine referat frå kommunestyremøte, samt andre redaksjonelle saker så hadde vi nok ikkje fått høyre eit knyst.

Nedskjeringar i kommunen, og fleire som passar på dei svakaste i samfunnet vil bli oppsagt, firedagars veke ved den største arbeidsplassen i bygda, aukande influensa men inga løysing for Innovern, men ikkje eit knyst frå kommunepolitikarane. Kva tenkjer de om oppseiingar og kva vil de seie til dei som vert ramma? Kva synest de om den nye skulen og framdrifta, eller ei vakker pynta sentrumsgate, kva kan de fortelje om ferdigstillinga av prosjektet i Meieridalen?

Det treng ikkje vere dei store sakene. Eit søk gjennom Nyss.no si toppfane med tittel “Meiningar” så har vore vennar på Stranda okkupert spalta i månadsvis med friske og stort sett velformulerte innlegg, særs interessant lesnad for oss på denne sida av fjellet også. Sist eg fann eit innlegg under “Meiningar” frå ein politikar i Sykkylven var ordføraren sitt svar til Svein Atle Tandstad 10. februar i år. (Eg kan ta feil her).

Vi hugsar snart ikkje kven som er politikar i Sykkylven lenger, de gjer ein viktig jobb i samfunnet, men vi vil så gjerne høyre frå dokke. Høgre om det politiske livet. Oppturar og nedturar, tankar og vyar, kampsaker og vunne saker, friske debattar og meiningsutvekslingar. Gode sykkylvspolitikarar, vi saknar dokke.

Bill.mrk: Veljar -2023-