Redaktør Monica Aure Fallingen skriv på leiarplass onsdag 27. april at det er vanskeleg å forstå at prislappen på ei ny rundkøyring i Sykkylven er 25 millionar kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer difor å tydeleggjere både prislappen og kva vårt prosjekt i Sykkylven faktisk inneheld.

Vi har inngått kontrakt med Hole maskiner AS om bygging av ny rundkøyring i Sykkylven. Kontrakten har ein verdi på 16,7 millionar kroner eks. mva og inneheld langt meir enn berre rundkøyringa.

Nye gatelys

Mellom Aureosbrua og fabrikken til Hjellegjerde blir det nye gatelys på heile den 1,6 km lange fylkesvegstrekningen. Også 400 meter av Dalevegen får nye gatelys. Det blir nye lysmaster som ikkje utgjer fare om ein trafikant er uheldig og køyrer på dei og LED-lys som vil auke trafikktryggleiken.

Entreprenør er i gang med å prosjektere det nye veglysanlegget, som kjem til å innehalde rundt 70 nye veglys. Den nye rundkøyringa skal sjølvsagt også ha gatelys. Dei fire gangfelta knytt til rundkøyringa og eit gangfelt i Dalevegen får det vi kallar intensivbelysning, som er eit ekstra sterkt veglys som gjer at dei som kryssar vegen blir godt synleg for bilistane.

Grunnarbeid

Det er heller ikkje berre å bygge ei rundkøyring midt i dagens kryss. Vi må til dømes gjere grunnarbeid, legge nye drensleidningar og sørge for system for overvatn. I grunnen ligg det allereie drensleidningar, vassleidningar, kablar og anna infrastruktur som vi må sørge for at vi ikkje øydelegg.

Så kan vi bygge sjølve rundkøyringa, legge asfalt og rydde opp etter oss.

Folk skal fram – også i byggeperioden

Når bygginga startar, skal dei 5700 køyretøya som køyrer igjennom krysset kvar dag kome seg fram, nesten som før. I tillegg skal det vere trygt å gå og sykle både for skuleelevar og andre mjuke trafikantar, og det skal vere trygt for dei som jobbar med rundkøyringa. For å få til det, må vi bygge midlertidige vegar både for bilistar og dei som går og syklar. Vi treng sikring med rekkverk slik at ulykker ikkje får fatale konsekvensar.

Mange faktorar i reknestykket

Arbeidstimar er ein del av prislappen i alle vegprosjekt og kjem i tillegg til kontraktsummen. Planlegging, utarbeiding av konkurransegrunnlag og gjennomføring av konkurranse, grunnerverv, grunnundersøking, oppfølging av kvalitet, miljø, HMS og trafikkdirigering er ein del av kostnaden til eit prosjekt. Det same er ekstra maskintimar, til dømes til kosting i anleggsperioden slik at det er greitt å vere nabo til eit vegprosjekt og at det ikkje blir dårleg sikt som går ut over tryggleiken.

I dei fleste byggeprosjekt, enten dei er små eller store, så dukkar det opp uføresette ting undervegs.Difor har alle vegprosjekt ei avsetting til usikkerheit for å handtere det. Det er også ein del av løyvinga vi får når prosjekta våre blir vedteke.

Det er først når eit vegprosjekt er ferdig at vi kan sette to strek under summen på prislappen. Det som er heilt sikkert er at prosjektet i Sykkylven er langt meir enn ei rundkøyring og at det til sommaren neste år vil vere tryggare å vere trafikant i området, ikkje berre i krysset der rundkøyringa kjem.