Som ny aktør innan turisme her i bygda har eg brukt mykje tid det siste halvåret på å tenke på kva som gjer at det ikkje stopper fleire turistar enn det gjer sommerhalvåret.

Samstundes tenker eg på alle dei som vil flytte tilbake til bygda som dei er oppvaksen i, etter tidsavbrudd med studier og liknande utanfor kommunegrensene.

Sjølv er eg oppvaksen i ei tid der vi lærte å ta vare på dei tilboda som vi hadde i bygda. Det var ikkje så mykje, men tilboda var der. Vi hadde to utestadar i sentrum som blei flittig brukt. Eg kunne ønske at alle som bur her no hadde det same tilbodet.

Men kva har turisme oppi alt dette å gjere? Jo, det som gjer meg like fortvila år etter år er at dei få etestadane vi har i bygda og i sentrum vel dei mest aktuelle tidene då folk har fri til å stenge ned. Folk som kjem innom på sommaren, til dømes til min campingplass, vil gjerne sjå sentrum og kva det har å by på, men etestadar, der ein kan unne seg noko godt i glaset ein varm sommerdag, er sommarstengt ein heil månad i beste ferietid.

Som tidlegare campingturist kan ein samanlikne med til dømes Stryn. Der kan ein bu på campingplassar i området, og nytte seg av dei etestadane som er der. Det er populært både for vaksne og born. Men her i Sykkylven er alt feriestengt. Det er ei skam spør du meg. Det same gjeld når folk kjem heim til jul og gjerne skal treffe på gamle kjente. Då hadde det vore kjekt med en biff og eit glass med noko godt i? Men nei, det er stengt heile jula. Og dette er folk som er heime og kanskje vurderer å flytte tilbake?

Tenk for ei kjedeeffekt det er å ha stengt? Folk stoppar ikkje i bygda, dei blir her ikkje for å nytte seg av bygda sine attraksjonar som friluftsbadet, Hundeidvik Klatrepark, Blakstad Gard og liknande. For ikkje å nemne all handelen matbutikkane får fra turistane. Det å ha åpent når folk kjem på gjennomreise er kanskje det som skal til for å stoppe her i den vakre bygda vår?

Og så vil eg berre tilføye at ei infotavle i eller ved sentrum bør kome på plass snarast.