Ser i ein reportasje i Nyss om fleire politiske parti som hadde stand sist helg, og det uroar meg at fleire av partia ikkje har damer med på stand. Har desse partia ikkje damer som vil stå på stand? Eller har dei ikkje damer som står på lista si heller? Dette lover ikkje bra for desse partia. Dette er ikkje bra i eit samfunn der likeverd mellom kjønna er noko mange av oss setter umåteleg stor pris på. Når posisjoner etter valget skal fordeles er balansen mellom kjønna noko som ein berre må ta stilling til, lova krev det.

Er det ikkje på tide med ein kvinnelig ordfører i Sykkylven no? Høgre har svaret på dette, Birgitte Sætre Bonesmo er ein kjempegod kandidat til dette vervet. Er du enig med meg, så må du putte Høgre lista i valgurna.

Birgitte J. Sætre Bonesmo. Foto: Privat

Det er også valg til Fylkestinget 11.september. Det har vore lite med representanter frå Sykkylven den siste tida på Fylkestinget, men no er Torill Velle på ein fin 10.plass på Høgre lista. Og med eit godt Høgre valg er Torill inne i Fylkestinget, og det er veldig viktig for alle i Sykkylven. Torill har ambisjoner om ein plass på Fylkestinget, så bruk Høgre lista til Fylkestinget, så er Sykkylven representert blant fylkestoppene.

Sykkylven Høgre har dyktige damer og herrer som vil kun det beste for alle i kommuna, bruk derfor Høgre lista ved valget både til kommunestyret og fylkestinget.

Lykke til!