Det er ei kjend sak at det for mange menn er vanskeleg å uttrykke kjensler. Samfunnet seier at menn skal vere sterke og maskuline. Å vise kjensler, å seie at ein slit og å ta imot hjelp kan for mange vere synonymt med å vere svak. Ifølgje Folkehelseinstituttet er det rundt tre av fire som tek sitt eige liv menn. Blant desse mennene er to av tre over 40 år.

Nyleg var komikar Andre Ulveseter i Sykkylven med framsyninga Melankomiker, som har fått svært gode skottsmål og fleire ekstraoppsetnadar. Ulveseter mista kjærasten sin på tragisk vis i fjor, då ho og to andre vart drepne i ei tragisk bilulukke i Blindheimstunnelen, på veg heim etter eit lystig sommershow der han stod på scena. Ulveseter tok publikum med gjennom tida etter ulukka, både kjenslemessig og når det gjaldt korleis andre og helsevesenet møtte han. Ein lo i det eine augeblikket og gret i det neste, det heile var fantastisk godt balansert. Mest av alt så var det ei viktig påminning om at det er lov å føle og lov å be om hjelp, også om ein er mann.

Sist veke presenterte vi nyaste episode av portrettserien vår, Folkeferd, der ein fekk kome tett på moromann Bjørn Idar Lyngvær. Han var mellom anna open om depresjon, og om kor tøft det har vore å miste sonen sin til sjølvmord. Om det å kjenne seg avstumpa kjenslemessig og å ha mista gleda. Dette trefte heilt tydeleg ein nerve hos folk, og episoden fekk svært mykje respons. I sosiale medium ser ein andre menn kommentere episoden, og fortelje om tilsvarande kjensler. Ved å vere så open, er eg sikker på at Lyngvær har gjort terskelen for å snakke om det som er vanskeleg litt lågare for mange.

Det er godt at det blir tatt eit oppgjer når det gjeld stigmaet rundt menn si psykiske helse. Kanskje vert fleire bevisste på at dei uoppnåelege ideala for kva ein «ekte mann» er, er nettopp det: Uoppnåelege. Det er ok å ha det vondt. Det er ok å både trenge og ta imot hjelp.

Tusen takk til både Ulveseter og Lyngvær, som viser at tøffe menn kan gråte. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at dei er med og reddar liv med å vise denne filterlause sida av livet.