Eg har alltid trudd på liberale og vestlege verdiar. Eg kjem alltid til å gjere det. Men eg vil aldri meir stole på vestlege leiarar som hevdar dei kjempar for dei. Eg kjenner ei djup uro for framtida.

Kulturkrinsen vår – Vesten – slit nemleg i motbakke. Det er krise i måten resten av verda oppfattar «oss», og det går på sjølvbiletet vårt laus når dobbeltmoralen og hykleriet til vestlege politikarar vert så nådelaust eksponert som i den epoken vi er inne i no. Krigen i Ukraina er ein katastrofe og eit russisk overgrep. Krigen på Gaza er ein katastrofe og eit israelsk overgrep. Katastrofen for merkevara «Vesten» er at dei skjer samtidig.

I fem hundre år har Vesten dominert verda. I fem hundre år har vi etablert og vedlikehalde eit internasjonalt system som først og fremst har hatt økonomisk profitt og utnytting av ressursar under fjerne himmelstrok som drivkraft og mål. Det er udiskutabelt; det er berre å vise til vestlege lands kolonisystem i andre verdsdelar, og den økonomiske verdsordninga som vart etablert etter Andre verdskrigen. Denne har sikra vestleg makt, vestlege interesser og vestleg dominans etter avkoloniseringa på femti- og sekstitalet.

Den «liberale» og «regelstyrte» verda er liberal og regelstyrt på våre premissar. Det har vore bra, har vi tenkt, for det er jo ingen andre kulturar som er opptekne av menneskerettar? Av individets ukrenkelege verdi? Av ytringsfridom? Av rettsstaten? Implisitt i slike retoriske spørsmål ligg ei førestilling om at Vi er betre enn Dei Andre. At Vår kultur er betre enn Dei andre sin. Denne oppfatninga er så innbaka i måten vår å sjå verda på at vi ikkje stiller spørsmål ved den; førestillinga er like naturgitt som pusterefleksen i kroppen vår, vi tenker ikkje over at den er der. Og kjensla av å vere betre enn dei andre, meir moralsk høgverdige, gjer det lett for oss å bruke økonomisk og militær makt nær sagt over alt i verda; I Irak … Libya … i Syria … i Afghanistan … i Kongo … i Vietnam … i Laos … i Chile … i Kenya … i Nicaragua … ja, kvar som helst. For på eit eller anna nivå er vi alltid på oppdrag for høgverdige ideal. Då får det heller våge seg at vi ikkje brukar høgverdige metodar.

I vestleg opinion har det vore lett å selje inn mange av desse intervensjonane. Vår verdsoppfatning har vore hegemonens – og dei som ikkje deler vårt tanke- og verdisett, tek feil. Vegen er kort til å meine at vi representerer det gode – i motsetning til Dei Andre, som dermed står for … vel, noko anna.

Men kven er så vi? Den palestinsk-amerikanske professoren og litteraturvitaren Edward Said vekte oppsikt då han på slutten av syttitalet kom med boka Orientalismen. Orienten er det gamle namnet Vesten brukte på Midtausten. Her hevdar han at vi i Vesten har laga oss eit falskt bilete av menneske og kultur i denne regionen – eit bilete av ein mindreverdig sivilisasjon som treng vår «hjelp» til å kome på høgare utviklingstrinn. Said meiner at dette er det vestlege synet på alle kulturar og samfunn som ligg utanfor vår eigen krins – og at dette gir oss det ideologiske grunnlaget for å behandle resten av verda som underlegen, som eit middel som skal tene våre interesser. Og dessutan: Vesten er ikkje interessert i kunnskap og innsikt i dei andre sine leve- og tenkemåte, rett og slett fordi sjablongane og stereotypiane tener interessene våre betre, hevdar Said.

Tek Said feil? Vel, sjå til dømes på resultatet av USA sin katastrofale invasjon av Irak i 2003. Gammal – og ny – imperialisme hadde vore utenkeleg utan denne haldninga. Vi har fem hundre års trening i å dyrke denne arrogansen. Dermed er den vestlege konstruksjonen av Dei Andre eit faktum. Og viss vi er gode, så må dei andre vere vonde.

Vi likar å tru det, at vi er Dei gode. Vi likar å meine det. Men vondskapen er rettvist fordelt over heile verda. Vi har så absolutt vår del, og andre kulturar har sin. Vi er jo alle menneske.

Først og fremst er vestleg politikk driven av vestlege interesser – økonomiske og militære. Vi smykkar oss gjerne med fyndord som demokrati, menneskerettar og menneskeverd, som i tilfellet den russiske okkupasjonen i Ukraina – eller under dei 20 katastrofale åra vi har vore i Afghanistan for å lære dei våre verdiar. Samtidig står vi handlingslamma og ser på Israels okkupasjon av palestinske område og teppebombing og totale destruksjon av Gazastripa. Ikkje rart amerikanske diplomatar rapporterer heim til Washington at USA sin manglande vilje til å legge band på Israel fører til at supermakta misser «the hearts and minds» til menneske i Midtausten for generasjonar framover.

Dette er Vesten slik resten av verda – Dei Andre – oppfattar oss. I forlenginga av dette kan vi spørje oss: Er det sanninga om oss ein Stoltenberg eller ein Biden formidlar når dei står på talarstolen og i blitzregnet? Eller er biletet like falskt og utilstrekkeleg som det biletet Edward Said meiner vi har av andre kulturar? Det ville kanskje vore ærlegare om mennene i dress sa det som det er: Vestleg politikk har først og fremst som føremål å skape, sikre og vedlikehalde makt. Så gjeld det å finne vakre og verdilada ideal å pakke det inn i, slik at vestleg opinion gløymer kva det heile eigentleg handlar om.

Men gjeld ikkje det også Dei Andre, små og store konkurrentar på det globale sjakkbrettet? Jau. Sjølvsagt. Igjen: Vondskap og kjærleik til makt er likeleg fordelt. Men like ofte som vi snakkar om alle truslane og farane som Dei Andre representerer, burde vi kanskje rette spegelen mot oss sjølve og spørje om det er noko ved Vesten og våre handlemåtar som gir potensielle fiendar – verkelege og innbilte – grunn til å frykte oss? Kan også andre ha ein legitim grunn til å ville verne seg mot oss, basert på det biletet dei har av oss?

Kanskje har dei fått med seg at Vesten står for meir enn 60 prosent av verdas samla militærutgifter? Og kanskje dei har lest historie?

Verda har vore i ein samanhengande krigstilstand sidan «krigen mot terror» starta med invasjonen av Afghanistan i 2001. Forsking gjort av Brown University i USA viser at minst 800.000 menneske har mista livet, og at meir enn 37 millionar har blitt heimlause som direkte følgje av USA sine krigar etter terroraksjonen i New York. Vi snakkar altså om mange menneske. Ikkje-vestlege, rett nok, men like fullt menneske; ekte liv med draumar, håp og gode ønske for seg og sine. Tenk deg at eit ikkje-vestleg land stod for ein liknande katastrofe i sakte kino. Ustraffa. Vanskeleg? Det synest eg og.

Nyleg døydde Henry Kissinger, rådgjevaren og utanriksministeren for amerikanske presidentar på seksti- og syttitalet. Han var realpolitikaren som mange meiner er ansvarleg for opp til tre millionar tapte sivile liv i land som Vietnam, Kambodsja, Laos, Chile og Argentina. Som den maktpolitikaren han var, snakka han sjeldan om vestlege verdiar når han skulle legitimere amerikansk og vestleg maktbruk under fjerne himmelstrok under Den kalde krigen. I staden snakka han om amerikanske og vestlege interesser. Han sa det som det var. Slik sett var han ærlegare enn både Stoltenberg, Biden og Blinken.

Og igjen, enno ein gong: Vondskapen er likeleg utbreidd over den plaga kloden vår. Vi er alle menneske. Av og til, no og då, kan det vere på sin plass å sjå seg sjølv i spegelen.

I eit intervju ikkje lenge før Henry Kissinger døydde, åtvara han mot ein ny verdskrig. Vi har hatt to til no. Dei starta begge her. I Europa.

I Vesten.