Frank ikkje så brutal som frykta

Det vart natt til fredag meldt om fleire hendingar forårsaka av ekstremvêret Frank, men på morgonen tyder mykje på at uvêret ikkje vart så brutalt som frykta.
innenriks

– Politiet har gjennom natta ikkje motteke meldingar om nokon alvorlege hendingar knytt til uvêret Frank, melde Troms politidistrikt på Twitter i 7-tida.

Dei måtte stengje E6 ved Fossbakken fordi takplater hadde losna og blåse ut i vegbanen. Fleire andre stader i Troms vart det meldt om at takplater, reklameskilt og isoporplater hadde vorte tekne av vinden.

Vindstyrken i Troms skulle nå toppen mellom klokka 6 og 8 ifølgje Meteorologisk institutt.

– Vindkastverdiane ser mest skremmande ut litt innover i landet, sa vakthavande meteorolog Jon Austerheim ved Vêrvarslinga i Nord-Noreg til NTB natt til fredag.

Den kraftigaste vinden er i fjellet, men også nokre kyststasjonar målte vind med kast opp i over 30 meter per sekund. Mellom anna vart det målt 47,3 meter per sekund i Sandnessjøen torsdag.

Ekstremvêret Frank gir mest frålandsvind, og då er det typisk ujamn vind med sterke kast.

Få skadar

Forsikringsselskapet If melde om at det sidan torsdag ettermiddag hadde vorte meldt inn relativt få skadar som var forårsaka av uvêret. Per klokka 7.30 var det komme inn ti skademeldingar, opplyser If til NTB.

– Talet er venta å stige utover formiddagen i dag. Det er først og fremst rapportert inn skadar på tak, og førebels er det for tidleg å seie noko om skadeomfanget i kroner og øre, opplyser kommunikasjonssjef Sigmund Clementz.

– Ved ekstremvêrhendingar er det vanleg at det kjem inn skademeldingar i mange dagar etter at uvêret har lagt seg, seier han.

Takplater losna

Det vart gjennom natta meldt om enkelte mindre hendingar andre stader langs kysten – mellom anna skapte kraftig vind problem for eit vogntog på Namsosbrua.

– Hengjaren som er lasta med ein båt har fått problem i vinden og treng bistand i samband med berging. Det blir meldt at hengjaren står lent mot rekkverket, skriv Trøndelag politidistrikt på Twitter.

E6 over Saltfjellet er stengd, og Statens vegvesen ventar ikkje betring i situasjonen før fredag ettermiddag.

Same veg er òg stengd mellom Ulvsvåg og Bognes i Hamarøy kommune, der fleire tre har blåse over vegen.

Hakket før orkan

Mange målestasjonar har vore oppe i full storm, altså ein middelvind i ein periode på 10 minutt med meir enn 24,5 meter per sekund. Vannøya i Troms har hatt sterk storm, som er det tilsvarande over 28,5 meter per sekund.

– Det er jo hakket før orkan, fortel meteorologen.

Orkan er middelvind med over 32,6 meter per sekund.

Nettselskapet Arva, som omfattar tidlegare Troms Kraft Nett og Nordlandsnett, opplyser natt til fredag at 257 kundar framleis var utan straum etter at Dyrøy og Salangen vart ramma torsdag ettermiddag.

Også i sør

Stormsenteret over Nordsjøen gir òg frontar inn mot Sør-Noreg, noko som fører til mykje og til dels tung snø. Nettselskapet Elvia opplyste i forkant at beredskapen er styrkt. I tillegg åtvara selskapet folk mot å opphalde seg i nærleiken av linjer som heng lågt eller ligg på bakken.

Natt til fredag var omtrent 3.600 Elvia-kundar utan straum. I Trysil ramma åtte straumbrot til saman over 1.200 kundar, medan rundt 769 kundar i Åmot var omfatta av seks straumbrot. I Gausdal ramma to straumbrot drygt 800 kundar. I Agder er 3.900 kundar fredag morgon utan straum, ifølgje Agder Energi.

Riksveg 7 Hardangervidda er stengd for køyretøy under 7,5 tonn, men open med kolonnekøyring for dei over. E134 Haukelifjell har kolonnekøyring, medan riksveg 13 Vikafjellet og fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengde.

(©NPK)