Gjensidige gjekk 6,3 milliardar kroner i overskot i fjor

Gjensidige tente rekordmykje på forsikring i 2020, og gjekk 6,3 milliardar kroner i overskot før skatt. Aksjonærane får 4,9 milliardar i utbytte.
innenriks

– Jordskredet i Gjerdrum i desember vart definert som ei naturskadehending og belasta erstatningane med 180,4 millionar kroner for eiga rekning, skriv Gjensidige forsikring-konsernet i ei pressemelding fredag morgon.

E24 skriv at Gjensidige sjølv er forsikra og at utbetalingane deira ikkje vil overstige 200 millionar kroner. Naturskadeerstatningane etter skredet er estimerte å bli rundt 900 millionar totalt, ifølgje Finans Norge og Norsk Naturskadepool.

4,9 milliardar i utbytte

Gjensidiges premieinntekter utgjorde 27,2 milliardar kroner i 2020, opp frå 24,7 milliardar i 2019. Årsresultatet gjekk ned med 1,5 milliard kroner frå 2019, til 6,3 milliardar kroner. Likevel er det beste årsresultatet til dette konsernet nokosinne, om 2019-salet av Gjensidige bank ikkje blir medrekna. Salet var verd 1,6 milliard kroner.

Skadeforsikringsverksemda hadde òg rekordhøge 5,1 milliardar kroner i resultat for 2020. Det er ein auke frå 4 milliardar i 2019.

Selskapet har allereie vedteke eit utbytte for overskotskapital på 1,2 milliard kroner. Det er òg foreslått utbytte på 3,7 milliardar kroner basert på 2020-resultatet.

Stort overskot i fjerde kvartal

For fjorårets siste kvartal var resultatet før skatt 2,3 milliardar kroner, med eit forsikringsresultat på 1,2 milliard. I 2019 var resultatet i siste kvartal 1,7 milliard kroner, og forsikringsresultatet var 920 millionar.

– Vi kan sjå tilbake på nok eit kvartal med veldig solid drift i Noreg, seier konsernsjef Helge Leiro Baastad.

(©NPK)