Sivilombodsmannen refsar to departement for lang saksbehandlingstid

To departement braut lova då dei brukte fire månader på å svare på NRKs krav om innsyn i samband med koronakommisjonen, ifølgje sivilombodsmannen.
innenriks

Sivilombodsmann Hanne Harlem slår fast at både justis- og helsedepartementet braut lova då dei brukte fire månader på å behandle NRKs krav om innsyn, melder NRK.

– Å bruke tre–fire månader på å svare på innsynskravet, det er for lang saksbehandlingstid og i strid med kravet i lova om at innsynskrav skal behandlast utan ugrunna opphald, seier Harlem.

I Helsedepartementet er dei samde med sivilombodsmannen i at dei har brukt for lang tid.

– Vi har brukt for lang tid i desse sakene og skulle ha levert ut dokumenta raskare, seier departementsråd Bjørn-Inge Larsen i Helse- og omsorgsdepartementet.

Justisminister Monica Mæland (H) seier krisehandteringa har hatt høgare prioritet i justisdepartementet, men seier dei tek avgjerda til sivilombodsmannen på alvor.