Bergen Frp blir starta opp igjen

I ei pressemelding opplyser fylkeslaget til Frp i Vestland at Bergen Frp blir starta opp igjen, melder Bergens Tidende.
innenriks

Ifølgje avisa har fylkeslaget reetablert lokallaget og valt eit interimsstyre, som skal leie Bergen Frp fram til ordinært årsmøte i lokallaget i januar 2022.

Interimsstyret blir leidd av Sigbjørn Framnes, medan Silje Hjemdal er nestleiar.

– Eg ser fram til å ta fatt på ein spennande jobb saman med eit godt interimsstyre. Jobben vår blir no å byggje Frp-laget i Bergen stein på stein gjennom å skape gode møteplassar for medlemmene, seier Framnes i pressemeldinga, ifølgje BT.

Det var 13. desember 2019 at sentralstyret i Frp bestemde seg for å leggje ned lokallaget i Bergen. Bakgrunnen for dette var mange og lange interne konfliktar i lokallaget i Bergen.

Bergens Frps betalande medlemmer vart overførte til fylkeslaget, som også overtok leiing og forvaltning av eigedelar og partikasse.

(©NPK)