NRK-måling: klart raudgrønt fleirtal – fire stortingsparti under sperregrensa

Jonas Gahr Støres føretrekte regjeringskoalisjon med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV får eit klart fleirtal i NRKs første såkalla «supermåling».
innenriks

Dei tre raudgrøne partia får til saman 90 mandat, skriv NRK om målinga der til saman 11.413 veljarar har vorte spurt om kven dei vil stemme på.

Merkverdig er det òg at heile fire av dagens stortingsparti endar under sperregrensa. Verken Venstre, KrF, MDG eller Raudt kjem over 4 prosents oppslutning, og dei fire partia får til saman 11 mandat.

Trass det klare raudgrøne fleirtalet, er det Høgre som er det største partiet på målinga. Med 24,7 prosent oppslutning og 47 mandat ligg partiet trygt føre Arbeidarpartiet.

(©NPK)