Røde Kors: Regjeringa må følgje Danmark og hente heim barn og mødrer frå Syria

Røde Kors meiner Noreg må følgje danskane og hente heim norske mødrer og barn som er igjen i leirane i Syria.
innenriks

– Danmark har no vedteke å hente heim mødrer og barn frå leirane i Nordaust -Syria. No er det på høg tid at også Noreg tek ansvar for eigne statsborgarar, og hentar heim dei mødrene og barna som er igjen i Syria, seier Ivar Stokkereit, som er leiar for folkerettseininga i Røde Kors, til NTB.

Tidlegare tysdag erfarte danske medium at regjeringa i Danmark vil hente heim tre mødrer med dansk statsborgarskap og dei 14 barna deira frå Syria.

Fleire norske statsborgarar er òg igjen i Syria, og mellom anna har Aisha Shezadi Kausar (29) bede om å få reise heim med sonen. Hittil har norske styresmakter berre henta heim éin person i liknande situasjon, ei kvinne som nyleg vart dømd til 3,5 års fengsel for deltaking i IS.

Saka førte i si tid til stor politisk usemje internt i statsminister Erna Solbergs (H) regjering, og Frp, då medlem av regjeringa, tok ut dissens.

Røde Kors meiner likevel at å hente dei norske statsborgarane heim, er det einaste rette og meiner barna i leirane i Syria har ein oppvekst prega av vald, overgrep, svolt og anna frykt.

– No må Noreg følgje etter og sørgje for at norske borgarar i leirane i Nordaust-Syria blir henta heim. Dersom ein mistenkjer at norske borgarar har gjort lovbrot, må dette etterforskast av norske styresmakter, og ein må eventuelt ta ut tiltale her heime, seier Stokkereit.

(©NPK)