FHI skal samarbeide med WHO om forsking på smitteverntiltak

Noreg gir 55 millionar kroner til smittevernforsking, der 45 millionar går til Verdshelseorganisasjonen og 10 millionar går til Folkehelseinstituttet.
innenriks

Forskinga skal styrkje kunnskapen om ikkje-farmakologiske tiltak som kan hindre smittespreiing, altså smitteverntiltak som ikkje er basert på medisinar eller vaksinar, melder regjeringa i ei pressemelding.

WHO-sjef Tedros Ghebreyesus og Noregs helseminister Bent Høie lanserte arbeidsgruppa som skal forske på effekten av ulike smitteverntiltak, på ein digital pressekonferanse måndag.

Forskingsarbeidet i WHO omfattar tre område:

Analysere erfaringane frå koronapandemien og andre pandemiar, utvikle betre smitteverntiltak og utvikle nye forskingsmetodar som raskare kan måle effekten av ulike smitteverntiltak.

FHI får ansvaret med å samarbeide med WHO om forskingsprosjektet, som skal vare i to år.

(©NPK)